Omkom på Tisleifjorden
Det var Tom von Ahnen (53) som mista livet i ei ulykke på Tisleifjorden fredag.
Det er politiet i Nordre Buskerud som måndag melder dette. Tom von Ahnen omkom i ulykka på Tisleifjorden på Golsfjellet fredag 11. januar 2013 då traktoren han køyrde gjekk gjennom isen. Von Ahnen var i arbeid med å klargjere isen for isbanekøyring.
AMK vart varsla om ulykka av vitne til det som skjedde. Dykkarar fann traktorføraren om lag fire timar etter ulykka. Tom von Ahnen hadde registrert bustadadresse i Nesbyen.