Omkom på snowboard i Hemsedal
Ein mann i 20-åra er død etter ei ulykke i Hemsedal Skisenter måndag.
Ulykka skjedde i 11-tida i løype nummer seks.
Mannen køyrde snowboard saman med to kameratar då ulykka skjedde.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I eit bratt parti sklei han og kom ut av løypa. Her trefte han ein stein. Kameratane såg at han fall, seier lensmann i Ål, Pål Mikkelrud.
Det var forsøkt å redde mannens liv med førstehjelp, men han vart erklært død på staden. Mannen var opphavleg frå Trøndelag, men budde for tida i Oslo. Pårørande er varsla.
Mikkelrud seier det er lite snø utanfor løypene.
– Det er rett og slett eit uhell, seier Mikkelrud.
Dagleg leiar i Skistar Hemsedal, Andreas Smith-Erichsen, vil ikkje si noko om ulykka.
– Det er politiet som handterer denne saka, seier Smith-Erichsen.
Dette er andre dødsulykka i Hemsedal Skisenter denne vinteren.I slutten av januar omkom ein svensk mann i 40-åra då han kolliderte med eit tre.