Nytt tilfelle av koronasmitte: - Personen er sett i isolasjon
Smittvernlege Marianne Lerberg opplyser at Ål kommune har sett i gang smittesporing.
– Vedkomande smitta person er sett i isolasjon, opplyser Lerberg.
Ho seier at det dreiar seg om ein litt usikker smitteveg per no, men at vedkomande har få nærkontaktar og at ingen rundt er i karantene.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er ingen dramatikk i dette, seier Lerberg.
– Kva inneber uklar smitteveg?
– Me stiller spørsmål ved når vedkomande kan ha blitt smitta. Pasienten har hatt kontakt med eit kjent smittetilfelle for eit par veker sidan. Vedkomande testa då negativt på koronavirus. Når det no er positivt, spør me oss om det er snakk om eit slags restsymptom i dette tilfellet.