Nytt hus tatt av stort jordskred: Helikopter flyg i skyttel for å evakuere folk
Rett før klokka 21 tysdag kveld gjekk det eit nytt, stort skred i Breievegen i Ål. Eit hus gjekk tapt i jordmassane.
Ingen personar vart meldt sakna etter skredet.
Tidlegare tysdag gjekk det eit ras i same område. Også der gjekk eitt hus med. Ein person berga seg ut på eiga hand mens bygget vart begravd i jordmassane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tysdag kveld hang det helikopter i lufta over Ål. Frå lufta vart det sagt at det nye raset var stort.
– Det er bekrefta at dette er eit stort skred. Fleire har blitt evakuert ut, sa operasjonsleiar Trond Egil Groth til Hallingdølen rett etterpå.
Buss og helikopter
Ved 22.30-tida fortalde han at helikopter flaug i skytteltrafikk i Ål. Ei mengde folk vart evakuert ut av dei mest utsette områda.
– Evakueringa er ei utfordring. Helikoptera flyg til Torpomoen. Der står det fem bussar som fraktar folk vidare. Ein del til Geilo, nokon til Ål eller andre alternative plassar som kommunane jobbar med, sa Groth.
– Det er fire involverte kommunar her som samarbeider godt med politiet. Det blir jobba på alle frontar.
– Det blir ei stri natt?
– Dette blir ei stri natt, ja.
Mens Groth prata dundra det i helikopter i bakgrunnen. To helikopter frå forsvaret var med i berginga av folk, i tillegg til politihelikopter, redningshelikopter og luftambulanse. Det vart også sendt opp dronar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rosar frivillige
Kor mykje folk som no er evakuert i øvre del av Hallingdal, har ikkje Groth tal på. Også i Hol er eit større tal menneske ute av sine eigne heimar. I kommunane er det oppretta eigne evakueringssenter; i Ål er det Kulturhuset, i Øystre Hol vart folk tysdag bedne om å kome seg til Bygdahall på Hagafoss eller Helling kafé. I Nesbyen vart idrettshallen opna for folk som må forlate heimane sine.
– Eg må berre rose alle dei frivillige, seier operasjonsleiar Groth.
– Per klokka 22.30 er ingen meldt sakna eller alvorleg skadd. Når det er så ille som no, er trass alt dette eit lyspunkt.
Brot på vassledning
Kommunen har også andre utfordringar. Det er brot på den kommunale vassledningen, og vatnet vil vera borte på ubestemt tid.
Det blir tilrådd å tappe vatn frå fyrste tappestad etter hovudkran til vatnet er klart og utan luft.
– Tapp opp vatn til eige bruk om du fortsatt har vatn. Bruk bøtter med regnvatn til toalett, opplyser Ål kommune på si Facebookside.
Kommunen varslar også at barnehagane blir halden stengt onsdag.