Nye namn i Hol Ap
Hol Arbeiderparti har laget klart før haustens kommuneval.
Onsdag kveld vedtok nominasjonsmøtet den endelege lista.
– Me er fornøgde med lista. Det ser bra ut, seier leiar i Hol Ap, Terje Teigen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nye namn
Alt før jul vart det klart at Petter Rukke blir partiets ordførarkandidat.
Han toppar sjølvsagt lista. Med seg får han også tidlegare ordførar Erik Kaupang, pluss Mari Fjørtoft Bjørnstad og Jan Arne Øen som alle representerer partiet i kommunestyret i dag. Resten av partiets gruppe i kommunestyret med Sissel Hovland, Trine Raknes, Anbjørg Næsse og Harald Havikhagen har takka nei. Dermed forsvinn halvparten av partigruppa. Men inn kjem nye namn, og eitt namn det er verdt å merke seg er Britt Aasen Braaten. Det er nemleg kona til Høgres ordførarkandidat Petter Braaten.
Vil ha ordføraren
Målet for Hol Ap er klart for hausten val:
– Me vil ha ordføraren. Og me satsar på å få inn ni mandat, seier Teigen.
Det vil i så fall bety eitt mandat meir enn partiet har i denne perioden. Det har Teigen trua på at partiet kan greie. Ved forrige val fekk partiet 36 prosent av røystene.
– Det er aukande interesse for Arbeiderpartiet i Hol om dagen. Me har fått fleire innmeldingar den siste tida, seier Teigen.
Ap-lista
1. Petter Rukke (kum)
2. Mari Fjørtoft Bjørnstad (kum)
Artikkelen held fram under annonsen.
3. Erik Kaupang
4. Britt Aasen Braaten
5. Jan Arne Øen
6. Marianne Stue
7. Terje Teigen
8. Nina Dalen
9. Trond Fredrik Persen
10. May Britt Vasby
Artikkelen held fram under annonsen.
11. Oskar Andreas Skulstad
12. Eva Tvedt
13. Johnny Stave
14. Elsa H. Rønbeck
15. Tore Haugen
16. Synne Carola Eriksen
17. Anna Kaupang
18. Hans Ola Larsgard
Artikkelen held fram under annonsen.
19. Trude Skomdal
20. Marius Høgberg
21. Ingrid Pauline Næsse