Nye næringsareal klare
Eit nytt, etterlengta næringsareal kan snart stå klart på Geilo.
Onsdag vedtok kommunestyret i Hol reguleringsplanen for industriområdet ved Vøllo i Lienområdet.
Industriområdet skal legge til rette for mindre entreprenørar, småindustri og handverksbedrifter.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er stor interesse for areal i dette området, seier ordførar Petter Rukke (Ap).
Han er glad planane no er klare.
– Det er stor etterspurnad etter areal. Det viser jo interessa for Geilo Næringspark, seier Rukke.
Planane for det nye industri- og næringsområdet har vore på gang lenge. Fleire grunneigarar og naboar har vore mot planane fordi steinknuseri og massedeponi var del av dei fyrste planane. Dei nekta difor å selje grunn til kommunen. Men no er steinknuseri og massedeponi teke ut av planen. Rukke håpar det nye vedtaket skal gjere det enkelt «å sjå moglegheiter».
- Eg håpar at me kjem i god dialog med grunneigarane, seier Rukke.