Formannskapet i Ål var på synfaring i Ål kulturhus måndag, her i kjellaren under biblioteket. Rommet er ikkje godkjent som undervisningsrom, men blir likevel nytta av kulturskulen. Ei utviding kan bli like dyr som den skrinlagde landsdelsscenen for dans – som dermed blir løfta fram igjen.
Formannskapet i Ål var på synfaring i Ål kulturhus måndag, her i kjellaren under biblioteket. Rommet er ikkje godkjent som undervisningsrom, men blir likevel nytta av kulturskulen. Ei utviding kan bli like dyr som den skrinlagde landsdelsscenen for dans – som dermed blir løfta fram igjen.

Ny sjanse for dansescene

Ei kulturskuleutbygging vil truleg koste 18 millionar kroner. Då manglar det berre 1 million på å realisere ein landsdelsscene i dans.

Omkamp eller ikkje. Det skal i alle fall mykje til om det ikkje blir ein ny sjanse for ein landsdelsscene i dans. Ål formannskap tvilte seg måndag fram til å ta opp saka på nytt. 4 (1 Ap, 1 Sp, H og KrF) mot tre (1 Ap, 1 Sp og V).

Tek sjølvkritikk

Måndag var formannskapet på synfaring på Ål kulturhus. Etter at dei folkevalde sette ein strek over planen om ein landsdelsscene i dans og i staden sette av 12 millionar til ei kulturskuleutbygging, har Årstidene arkitektar sett på ramma opp mot minstekrav for behova kulturskulen peikar på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Legg ein minimumskrav til grunn vil det koste 18 millionar, seier kulturhusleiar Anita Borrmann Skoglund.

Dette er eitt av fleire argument for å ta saka opp til ny vurdering, meiner ordførar Solveig Vestenfor (Ap).

- Eg tek sjølvkritikk på at eg ikkje har gått grundig nok inn i dette. Me må vere tøffe nok til å ta saka opp igjen når det er kome nye moment. Eg er redd ei rein kommunal utbygging blir dyr og det ville vere flautt, seier ordføraren. Ho har fått klare signal på at også andre kommunar kan vere interesserte i å bidra på drift ein periode for eit «Hallingdal kulturhus».

Fleire er skeptiske

Ikkje alle var samde i at momenta tala så klart for «omkamp».

- Unnskyld, men det er berre prat. All erfaring seier at kommunale spleiselag er vanskeleg og det er vel optimistisk å basere seg på koseprat i regionrådet. Symbolsk støtte er ikkje argument for å ta saka opp på ny, seier Torleif Dalseide (V).

- Eg er skeptisk. Me gav ei ramme på 12 millionar og bad dei bygge for det. Det er mykje som flyt her, seier også Dagfinn Bøygard (Ap).

Skryt frå Høgre

Høgre og KrF, som var dei klaraste støttespelarane før desember-vedtaket, var glade for ordførarens initiativ til å sjå på saka på ny.

– Ordføraren skal ha ros for det, og det er ryddig at me får vite om kostnadsberekninga no.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er riktig å ta ho opp igjen. Me kan framleis stemme nei, dersom det blir for dyrt, seier Ole Egil Trintrud (Sp), mens partifellen Anne Vetteren Grøthe tvilte på talmaterialet.

– Ein må rekne meir på arealbehovet, seier ho.

Formelt er det kommunestyret som må krevja at saka skal bli tatt opp på ny, ved å annullere vedtaket i desember. Det må i så fall skje 18. februar. Regjeringas løying på 13,2 millionar kroner står til 1. juni. Dermed er det kommunestyret i mai som endeleg avgjer saka.