Det blir ny runde i retten, denne gongen i lagmannsretten.
Det blir ny runde i retten, denne gongen i lagmannsretten.

Ny rettsrunde i valdtektssak

Tre menn anka ein knusande dom i Hallingdal tingrett.

Dei vart dømde til lange fengselsstraffer etter å ha vorte kjent skuldig i gjengvaldtekt i Hemsedal. To vart dømde til fengsel i seks og eit halvt år, mens tredjemann slapp med seks år.

Alle anka dommen. I dag, tysdag, er det klart for runde nummer to. Denne gongen i Borgarting lagmannsrett. Her skal ein jury med ti lekmenn og kvinner svare ja eller nei på skuldspørsmålet. Det er sett av fem dagar til rettsforhandlingane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ute på «by’n» i Hemsedal møtte dei tre mennene den 18 år gamle jenta som var på helgeferie saman med mor si, veslesyster og ei venninne. Ho hamna i eit nachspiel i den såkalla «harryhytta», og det var her påtalemakta meiner at ho vart dopa med partydopet MDMA og valdteken, først i hytta og seinare i ei campingvogn som dei tre mennene budde i. I tingretten erkjente dei å ha hatt samleie med henne, men at det skjedde frivillig frå hennar side. Ho blånekta for det. Tingretten trudde på jenta.