Ny rentenedgang
Skue Sparebank og Sparebank 1 Hallingdal Valdres planlegg å justere ned utlånsrenta dei neste dagane.
Like over nyttår varsla både Nordea og DNB at dei sette ned utlånsrenta med 0,40 prosentpoeng for mellom anna å møte konkurransen med Den danske bank. No vurderer dei lokale bankane i Hallingdal å gjera det same. Torsdag, denne veka, vil Skue Sparebank setje ned renta med inntil 0,35 prosentpoeng på utlån og inntil 0,3 prosentpoeng på innskot, fortel administrerande baksjef, Hans Kristian Glesne. Nøyaktig kva tilbod kvar einskild lånekunde får blir bestemt torsdag.
DNB i Gol følgjer rentenedsetjinga som alle dei andre DNB-bankane, opplyser banksjef Sølvi Listøen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sparebank 1 Hallingdal Valdres varsla rentejustering tysdag eller onsdag i neste veke. Kor mykje dei vil setje ned renta, vil ikkje administrerande banksjef, Knut Oscar Fleten seie noko om enno.
I forkant
– Me har lese oss litt opp på dette og skal bruke denne veka til å sjå nærare på det. Me vil kome med ei justering tysdag eller onsdag i neste veke, seier Fleten.
Like før jul sette dei lokale bankane ned renta på både innskot og utlån, difor er det ikkje venta at dei vil kome med ei like stor rentejustering som Nordea og DNB.
– Me gjorde ei justering før jul, så me har vore i forkant. Men me må tilpasse oss den nye konkurransesituasjonen.
Dårleg butikk
Men Sparebank 1 Hallingdal Valdres har også like mange innskotskundar som utlånskundar. For dei er det etter kvart blitt dårleg butikk å setje sparepengane sine i banken.
– Eg vil oppmode alle som sparar pengar til å ta kontakt med banken for å finne alternativ avkastingsmetodar. Det finst fleire andre løysingar som er gode og som ikkje har stor risiko, men likevel gjev ei bra avkastning.
Rekordlåg
Norges Bank sette 11. desember ned styringsrenta med 0,25 prosentpoeng til rekordlåge 1,25 prosent for å prøve å få opp farten på norsk økonomi.
Artikkelen held fram under annonsen.
Samstundes har Forbrukarrådet kome med kraftig kritikk til bankane for ikkje å late kuttet i styringsrenta kome kundane til gode då Noregs Bank kutta renta.