NVE med oransje farevarsel - stor snøskredfare
NVE har sendt ut eit oransje farevarsel for dagane framover.
I Jotunheimen, Hallingdal og ved Voss er det stor fare for snøskred dei neste dagane.
– Det ser ut til at faren vil vare ei stund framover, seier snøskredvarslar Jostein Aasen i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til NRK.
Artikkelen held fram under annonsen.
NVE har òg sendt ut varsel for område i Indre Sogn, på Hardanger og i delar av Telemark som gjeld for onsdag og torsdag.
Ein skiløpar kan svært enkelt utløyse snøskred i fleire fjellområde i Sør-Noreg no. Aasen ber skiløparar halde tilstrekkeleg avstand til skredterreng. Drønnelydar og sprekkar i snødekket er tydelege fareteikn som må takast på alvor, understrekar han.
(©NPK)