— Nøkkelen har vore offensive eigarar og flinke tilsette, som har etablert Norges mest moderne elementfabrikk
På fem år har Reine Element gått frå å vere fem i staben, til å bli ei stor bedrift med 23 tilsette.
Reine Element er ein av seks bedrifter som er nominert til Næringsprisen. Den blir delt ut under Hallingdalskonferansen 29. august. På Hallingdølens nettside kan du vere med å stemme på kven du meiner bør vinne. Alle kandidatane vil bli presentert gjennom Hallingdølen i løpet av veke 32.
— Det er veldig stas å bli nominert til denne prisen med tanke på at det er så mange flinke bedrifter i Hallingdal, seier Helge Jensen, dagleg leiar for Reine Element.
Artikkelen held fram under annonsen.
Elementfabrikken i Nesbyen produserer isolerte vegg-, tak- og golvelement til bygg og hytter og har opplevd stor utvikling dei siste åra.
Reine Element
Etablert i 2019
23 tilsette
Kommune: Nesbyen
Aukande kundegruppe
Bedrifta starta opp i 2019 med fem tilsette. Noverande eigarar bestemte seg i 2022 for å investere i det som skulle bli den mest moderne elementfabrikken i landet.
Nytt fabrikklokale og lager på til saman på 11.000 kvadratmeter stod ferdig våren 2023. I august 2024 har bedrifta auka til 23 tilsette, og opplever stor vekst i produksjonen. Det lokale høvleriet Bringo Sag & Høvleri er også kjøpt opp av Reine Element.
Jensen seier at veksten har trekt til seg kundar frå andre delar av landet.
— Som følgje av utviklinga me har hatt, har bedrifta også fått innpass hjå store kundar både på Øst- og Sørlandet.
Slik stemmer du fram din kandidat til å vinne Næringsprisen:
I vindauget under kan du stemme på din favoritt. I fjor vart det gjort endringar for å unngå «kampanjeavstemming», og det er difor berre lov å stemme ein gong i løpet av heile perioden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nøkkelen til suksess
For Reine Element er det stort fokus på å vere effektive, framtidsretta og tilpassingsdyktige.
— Me er opptekne av lokal og varig produksjon, med fokus på å minimere fotavtrykket og skåne miljøet i alle val me tar. Nøkkelen har vore offensive eigarar og flinke tilsette, som har etablert Noregs mest moderne elementfabrikk, fortel Jensen.
Bedrifta er også miljøfyrtårn-sertifisert, og alle innkjøp kjem frå sertifiserte leverandørar.
Jensen trur mykje av suksess til bedrifta har vore å jobbe bredt med marknadsføring og prising, som dei ser fruktene av no.
For framtidig produksjon er ønsket å markere seg som ein lokal konkurrent til alle elementbygg.
— Me ser at fleire og fleire blir opptekne av lokale og kortreiste leveransar. Reine Element ynsker å ta ei posisjon som ein moderne aktør i bransjen, seier Jensen.
Dette er dei nominerte
Hallingdal Lyd
Hallingplast
Himmelspannet
Reine Element
Sparebank 1 Hallingdal Valdres
Sundbrei Transport
Vekst i ei vanskeleg tid
I byggenæringa fryktar dei at dyrtid og renteauke vil gi ein dramatisk nedgang i byggeverksemda. Og det har kome illevarslande meldingar frå fleire kantar av landet om bråstopp i byggemarknaden, spesielt hytter.
Artikkelen held fram under annonsen.
For Reine Element har det likevel gått bra, blant anna ved å lande eit stort leilegheitsprosjekt der kontraktssummen på 24 millionar kroner.
91 leilegheiter fordelt på 17 bygg, der bedrifta skal levere vegger, tak og bjelkelagselement. Frå slutten av september skal det sendast eitt bygg i veka frå fabrikken i Nesbyen og ned til Sarpsborg.
— Eit så stort prosjekt er eit kjempeviktig referanseanlegg for oss, seier Jensen.