No er Hallingdalsløypa klar - 14 mil i superterreng
For fyrste gong på fleire år er det køyrd opp løype frå Ustaoset til Norefjell.
Hallingdalsløypa, tidlegare kalla Eventyrløypa, har ikkje vore ideelt tilrettelagt med preparerte løyper heile vegen dei siste åra. Men no er den 144 kilometer lange strekninga opna for sesongen.
– Det har vore eit problem dei siste åra å få køyrd opp løyper heile vegen, så det har vore litt alternative trasear i nesningsområdet. Det har med grunneigaravtalene å gjera. Men no er det i orden, og Hallingdalsløypa er klar til bruk, fortel Kari Grete Kleivstøl, dagleg leiar i Ål utvikling AS.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvar helg
Løypa er eit samarbeid mellom destinasjonane og dei forskjellige løypelaga. No er den stikka og blir preparert kvar helg fram til og med påske, og i vinter- og påskeferien.
– Det er ei veldig fin løype for dei som vil ha ein lengre tur og gå lenge til fjells. Men det har blåse ein del, så det er ikkje veldig mykje snø på toppane, seier Kleivstøl.
Kan leggje inn overnatting
Løypa strekkjer seg frå Ustaoset via Kikut, Sangefjell, Veståsen og Nes til Norefjell.
– Dette er ein veldig flott fjelltur på slutten av vinteren. Det er ein veldig fin trasé, om ein deler den opp i fleire bitar og overnattar, eller tek ei lang etappe. 14 mil på ein dag er jo i overkant for dei fleste. Då kan ein ta eit opphald, til dømes på Fagerhøy Fjellstue eller Ranten Hotell i Nes. Eller ein kan gå delar av strekninga. Mange begynner til dømes på Sangefjell, seier ho.
På turistkontora kan ein få kjøpt kart for turen og få siste nytt om status for løypene.