No er det mykje vatn i elvene
Vatnet fløymer over gangvegen i Nes. Norges vassdrags- og energidirektorat, NVE, har justert opp flaumfaren til nest-høgste nivå.
Det er varmt vêr og stor snøsmelting. Midt på dagen i dag, var det venta ein flaumtopp i Krøderen. NVE venta då at vasstanden hadde auka med 1,5 meter på eitt døgn.
Klokka 7 onsdag morgon vart vasstanden målt til 133,9. Det tilsvarar såkalla middelflaum. Til samanlikning er femtiårsflaum 135,2.
Artikkelen held fram under annonsen.
Flaumtoppen er venta å vera høgare enn i 2013, og kan føre til stengde vegar og bruer.
NVE rår folk til å sikre og flytte verdiar bort frå utsette område, og ber folk klargjera dreneringsvegar og stikkrenner. Folk bør også halde seg unna elver og bekkar med stor vassføring.
I tillegg til den kraftige snøsmeltinga er det meldt regn torsdag og fredag.
Nettstadenvarsom.no følgjer med på situasjonen og oppdaterer flaumvarselet to gonger om dag.