Eigedommen Skogly fotografert ein fin sommardag.
Eigedommen Skogly fotografert ein fin sommardag.

Nes-eigedom får heider

Fortidsminneforeininga i Buskerud heidrar ein eigedom i Nesbyen med diplom.

Knut Egil og Terje Hopland får denne utmerkinga for den godt bevarte eigedommen.

Huset vart bygd omkring 1928. Det var bestefar til dei noverande eigarane, Knut Andreas Hopland, som bygde huset i jugendstil med liggjande faspanel, mansardtak tekt med skifer og jugendvindauge, sannsynlegvis inspirert av ein tilsvarande bygning i Nordfjord der han kom frå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Idyllisk

På eigedommen som ligg idyllisk til i Nesbyen er det også uthus og stabbur som saman med våningshuset dannar eit tett tun. Her er også fleire bakkemurar i murstein.

Skogly var meir enn ein vanleg bustadeigedom i gammal tid. Her hadde dei ku, gris og høner, og ein frukthage med omkring 40 epletre i tillegg til bærbusker og poteter.

I original stand

Fortidsminneforeninga i Buskerud heidrar eigedommen Skogly med diplom fordi det er ein heilskapleg bevart eigedom der alle hus er behalde i original stand utan utvendige utskiftingar eller endringar av noko slag. Husa er godt haldne ved like.

Skogly er eit godt eksempel på byggeskikken i mellomkrigstida, påpeikar fortidsminneforeininga. Det er framleis bevart mange bygningar frå denne perioden, men stadig færre står uendra i sitt opphavlege miljø.