Nedlagde asylmottak gir færre jobbar
Nedleggingane av fleire asylmottak i Hallingdal sender mange ut på jobbjakt.
1. mai var det slutt på nær 20 års mottaksdrift på Torpo. Sju årsverk forsvann.
15. juli er det kroken på døra også på mottaket på Gol, og nye sju årsverk blir borte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Innan 30. august vil 16 årsverk gå bort i Hemsedal, når mottaket på Langeset også bli lagt ned. Fleire av årsverka blir delte på fleire mindre stillingar.
Det betyr at minst 40–60 årsverk vil bli borte på nokre få månader. Talet svarar til ei middels stor bedrift.
I tillegg vil jobbar som er direkte eller indirekte knytt til mottaka kunne bli råka.
Mottak er inngang til arbeidslivet
Tek ein med at Hallingdal ein periode hadde eit akuttmottak i Holu i Ål, med på det meste 14 tilsette, og at mottaket på Nes, hadde åtte årsverk før nedlegginga i 2016, blir talet endå høgare.
Konstituert mottaksleiar ved Hol statlege mottak, Tore Fauske Haugen, har ikkje fått nedleggingsbeskjeden, endå. Han har 16 årsverk i mottaket på Kongshaugen og på grunn av turnus betyr det 26 personar på lønningslista.
– Mottak er viktige også med tanke på sysselsetjing, ikkje minst som ein arbeidsplass for mange ufaglærte. Dei utgjer kring halvparten, seier han. Eit mottak er ofte ein inngangsbillett til yrkeslivet for mange som sjølve har kome som asylsøkjarar. På Kongshaugen jobbar det 8–9 nasjonalitetar.
Kvar gong eit mottak blir lagt ned ein stad, kjem det spørsmål frå både faglærte og ufaglærte om arbeid hos dei som framleis har kontrakt med UDI.
Ved Link sitt mottak i Hol er ein godt kjent med dei låge tala på nye asylsøkjarar som passerer dei norske grensene, og kvar månad ventar dei difor spent på kva UDI gjer vidare. Nye mottak vil bli lagt ned. Spørsmålet er berre kor.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Uvissa gjer at det å halde på kompetanse også er krevjande, seier Fauske Haugen.
Mottaksleiar ved Gol statlege mottak, Vita Simon, vel å ikkje sjå svart på det. Av dei sju som ikkje lenger har jobb der er det fleire pensjonistar, og for tida er det berre 2–3 som ikkje per i dag har noko konkret å gå til, henne sjølv inkludert.
– Me skal klare oss, men det går ikkje berre på oss. Også butikkar og tannlegar vil merke når mottaka forsvinn. Det er ikkje få asylsøkjarar som får tannbehandlinga dekt av staten, og av utbetalingar på 1170 kroner to gonger i månaden blir det meste brukt på lokal handel. Eg veit om butikkar som stengjer dørene når me stengjer, seier Simon.
– Også vaksenopplæringa vil merke det. På det meste gjekk 70 av dei som budde hjå oss på skulen.
– Eit tap på fleire måtar
I Ål har ein bede om å få ei konsekvensvurdering av nedlegginga på Torpo. Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) meiner å ha ei viss oversikt. Nedlegginga råkar 8–10 arbeidsplassar til saman. Av desse er truleg tre jobbsøkjarar.
– Det er eit tap at mottaket blir borte, på fleire måtar. Økonomisk i høve til handel, men også immaterielt. Å ha eit mottak gjer at me blir minte på at me er ein del av noko større.
Ho poengterer elles at politiske vindar kan snu, og at asylsituasjonen ikkje er statisk, men vil skifte med skiftande regjeringar.
– Det kan bety endra mottakssituasjon i Hallingdal i framtida, seier ho.