Når døydde Hanan?
Rettsmedisinarane veit ikkje nøyaktig når Hanan Majid Mohammed døydde.
I tiltalen har påtalemakta tatt atterhald: Ho døydde av kveling, eller av oksygenmangel/og eller nedkjøling etter å ha vorte plassert i fryseboksen i leilegheita til ekteparet.
I Hallingdal tingrett forklarte den 45 år gamle drapstiltalte irakaren detaljert kva han gjorde før han gøymde henne i fryseboksen. Men rettsmedisinarane er ikkje sikre på om ho var død då ho vart lagt i fryseboksen. Rettsmedisinar og overlege Sidsel Rogde sa i retten at skadane i hovudet til Hanan ikkje var dødelege. Men dei kunne ha ført til at ho vart bevisstlaus. Ei moglegheit er at Hanan vart kvelt mens ho var bevisstlaus, eller at ho i bevisstlaus tilstand vart lagt i fryseboksen og døydde av oksygenmangel.
Artikkelen held fram under annonsen.
* På tiltalebenken i Hallingdal tingrett: Ein 45 år gammal irakar busett i Hemsedal.
* Han er tiltalt for brot på straffelovas paragraf 233 første ledd «for å ha forvoldt en annens død».
* Aktor: Statsadvokat Torunn Gran.
* Forsvarar: Advokat Knut-Ole Bakke Hansen.
* Bistandsadvokat: Elisabeth Njøsen.
* Retten består av sorenskrivar Stein Arne Vedde og meddommarane Wenche Syversen og Helge Berg.