– Mykje fyll og bråk
Politiet har rykka ut i Hemsedal og på Golsfjellet i helga etter meldingar om bråk.
– Det har vore mykje folk ute i helga, mykje ungdommar på skuleturar. Det har blitt mykje fyll og bråk, seier Kaare Tiller, operasjonsleiar ved Nordre Buskerud politidistrikt sundag ettermiddag.
Natt til laurdag løyste politiet opp i tumultar i Hemsedal og påla og ein 24-åring å fjerne seg frå ein utestad etter ordensforstyrring. På Golsfjellet måtte ein 36-åring forlate ein overnattingsstad etter å ha vore utagerande.
Artikkelen held fram under annonsen.
Natt til sundag tok politiet i Hemsedal seg av fire gonger mann, 20, utanbygds frå. To av karane vart meldt for urinering på offentleg stad og vist bort. Ein fekk tilsyn av ambulansepersonell etter å ha blitt skalla til. Gjerningsmannen er ukjend. Sistemann tok politiet med seg då han var for rusa til å kunne ta vare på seg sjølv. Mannen vart i tillegg meldt for ordensforstyrring.