Mobilhotella på skulen har vekt internasjonal merksemd. Rektor ved Ål ungdomsskule, Anne Marie Stokkedal, sørger for at mobiltelefonane ikkje forstyrrar elevane. (Arkivfoto)
Mobilhotella på skulen har vekt internasjonal merksemd. Rektor ved Ål ungdomsskule, Anne Marie Stokkedal, sørger for at mobiltelefonane ikkje forstyrrar elevane. (Arkivfoto)

Mobilhotell vekkjer internasjonal oppsikt

Mobilhotellet til elevane ved Ål ungdomsskule vekkjer internasjonal oppsikt.

Etter at riksaviser og lokalpresse omtalte det mobile mobilhotellet til Ål ungdomsskule, har skulen fått fleire førespurnader, også frå internasjonal presse. Ein lærar ved skulen har til og med vore på direkten på radio i Singapore.

Mobile hotell

Ål ungdomsskule innførte i januar ei ordning med låsbare mobilhotell. Elevane leverer inn mobiltelefonen om morgonen – og får den attende ved skuleslutt. Fleire skular over heile landet har innført denne ordninga, men det spesielle med Ål ungdomsskule sine mobilhotell – er at det er mobile. Det var då elevane var i Ål kulturhus på slutten av ein skuledag at det vart merksemd kring ordninga. Då var nemleg mobilhotella også med – og elevane fekk utlevert telefonane etter at tilstellinga i kulturhuset var over. Mobilhotell er ei kasse med eit lite rom til kvar mobil. Kassa er låsbar og har handtak så den lett kan berast. Kvar elev har sitt «rom». Kvar klasse sitt «hotell». Ved skulen har dei sett gode resultat etter innføringa av mobilhotell. Læringsfokuset i timane er mykje betre og elevane er meir sosiale. I tillegg slepp elevar og lærarar å engste seg for å bli filma eller fotografert i løpet av skuledagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

På radio i Singapore

– Me har fått både telefonar og mailar, fortel rektor Anne Marie Stokkedal. I tillegg til her i Norge, har mobilhotella vekt oppsikt også i Danmark, Sverige og Island. Både media og skuler har kontakta Ål. Det er tydeleg at folk har lagt merke til dei mobile mobilhotella. Det kom og ein telefon frå ein engelsktalande dame som ville snakke om ordninga på radio i Singapore.

– Lærar Mari Holde Andersson var på direkten i Singapore, seier rektor og må le. Ho seier skulen ikkje var ikkje førebudd på den store interessa, men ho synest det er morosamt. Dei fleste har spørsmål om mobilhotella, kor dei er å få kjøpt, og korleis skulen gjennomfører ordninga.

– Det handlar om rutinar, fortel rektor.

Mobilhotella på skulen har vekt internasjonal merksemd. Rektor ved Ål ungdomsskule, Anne Marie Stokkedal, sørger for at mobiltelefonane ikkje forstyrrar elevane. (Arkivfoto)
Mobilhotella på skulen har vekt internasjonal merksemd. Rektor ved Ål ungdomsskule, Anne Marie Stokkedal, sørger for at mobiltelefonane ikkje forstyrrar elevane. (Arkivfoto)
Mobilhotella på skulen har vekt internasjonal merksemd. Rektor ved Ål ungdomsskule, Anne Marie Stokkedal, sørger for at mobiltelefonane ikkje forstyrrar elevane. (Arkivfoto)
Mobilhotella på skulen har vekt internasjonal merksemd. Rektor ved Ål ungdomsskule, Anne Marie Stokkedal, sørger for at mobiltelefonane ikkje forstyrrar elevane. (Arkivfoto)
Mobilhotella på skulen har vekt internasjonal merksemd. Rektor ved Ål ungdomsskule, Anne Marie Stokkedal, sørger for at mobiltelefonane ikkje forstyrrar elevane. (Arkivfoto)
Mobilhotella på skulen har vekt internasjonal merksemd. Rektor ved Ål ungdomsskule, Anne Marie Stokkedal, sørger for at mobiltelefonane ikkje forstyrrar elevane. (Arkivfoto)

Spreier seg

– Kjem dette til å spreie seg til andre land trur du?

– Ja. Ut ifrå den interessa me har sett frå dei nordiske landa, trur eg det. Og for ikkje å snakke om frå Singapore, ler Stokkedal.

– Er mobilhotell ei ordning som er komen for å bli?

– Med dei erfaringane me har gjort til no, ser me ingen grunn til å stoppe. Innarbeida rutinar, med vaksne som følger dei opp, er viktig. Me har kome godt ut når det gjeld klassemiljø, trivsel og mindre mobbing. Det trur eg er takk vere at dei vaksne gjer ein innsats i å følgje opp desse rutinane over tid. Det er viktig med ei felles handtering av korleis me vil ha det i skulesamfunnet vårt, fastslår Stokkedal.

Mobilhotell er ei kasse med eit lite rom til kvar mobil. Kassa er låsbar og har handtak så den lett kan berast. Kvar elev har sitt «rom». Kvar klasse sitt «hotell».

Artikkelen held fram under annonsen.

Forskarane er samde, mobiltelefonane svekkjer konsentrasjonen. Ei undersøking frå University of Texas i USA syner at mobilforbod på skulen i tildels sterk grad betrar resultata på eksamen.

Når mobiltelefonen er langt unna, får elevane konsentrert seg om det dei skal på skulen. Studien er publisert av Centre for Economic Performance ved London School of Economics and Political Science og baserer seg på forsking blant engelske skuler i London, Birmingham, Manchester og Leicester.

Forskarane har samanlikna eksamen blant 91 engelske skular og elevanes mobilbruk frå 2001 til 2013.

Testresultata synte 6,41 prosentpoeng betre resultat i dei mobilfrie klasseromma. Og dei elevane som presterte dårlegast til vanleg, hadde mest nytte av mobilforbod. Her var det ifølgje VG ei forbetring på heile 14,23 prosentpoeng.

Ny teknologi skal betre produktiviteten. Dessverre er det ikkje alltid slik, seier professor i samfunnsøkonomi, Richard Murphy ved Texas-universitetet. Han meiner det er svært viktig at skulane har tydelege reglar for mobilbruk i timane.