Køyrde i grøfta - ein person til legevakt
Ein bil køyrde utfor vegen ved Storeskard i Hemsedal tysdag ettermiddag.
Klokka 16.44 fekk politiet melding om utforkøyringa på Hemsedalsfjellet.
Sjåføren skal ha hamna litt for langt ute på kanten i ei lomme, og ikkje klart å hente seg inn att. Dermed hamna bilen i grøfta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skadeomfanget er ukjend, men ein person er køyrd til legevakt for vidare undersøkingar. Det var berre ein person involvert i ulykka.