Det var i dette området, i Raggsteindalen, hunden tok livet av ei søye i helga. Arkivfoto.

Melder sauedrapet til politiet

Sauebonde Sjur Søndrål melder tapet av eit dyr til politiet etter at ei søye vart biten i hel i samband med jaktprøve for fuglehund.

Hendinga skjedde i Raggsteindalen i Hol i helga. Ein hund tok ut og jaga sau. Litt etterpå vart ei søye funnen død, biten i nakken og bak i låret.

Les også
Beit i hel søye på fuglehundprøve

– Eg leverer anmeldelse til politiet både for tap av sau og for at det vart halde jaktprøve i eit ikkje godkjent område, fortel Sjur Søndrål.

Artikkelen held fram under annonsen.

På privat grunn

Vestlandske fuglehundklubb leiger jaktterreng av Øystre Hol jeger- og fiskerforening, som disponerer området av Hol kommune. Men det er også private grunneigarar i området omkring. Staden der søya vart drepen tilhøyrer ein privat grunneigar som ikkje skal ha gjeve løyve til denne typen aktivitet på sin grunn.

Kritisk

Søndrål stiller seg svært kritisk til at det blir halde jaktprøver for fuglehund i eit område der det beiter mykje sau.

– Eg meiner det ikkje bør haldast slike prøver, der ein slepper hunden laus, i eit område det beiter sau, seier Søndrål.

Les også
Får refs frå politiet etter helg med mange lause hundar i fjellet

Han stiller seg også kritisk til dei såkalla saueavvenningskursa for hund. Dei er, ifølgje Søndrål, ikkje gode nok.

– Eg har sjølv hund, og eg hadde ikkje sleppt hunden laus i eit terreng med sau, sjølv om hunden hadde vore gjennom eit slikt kurs. Jaktinstinktet ligg der, seier han.

Hunden som drap søya hadde vore på «sauerein-kurs», og var godkjent.

Rosar hundeeigaren

Då hunden tok ut og drap søya i Raggsteindalen, tok hundeeigaren kontakt med Sjur Søndrål. Det set saueeigaren pris på.

– Hundeeigaren skal ha ros for å vera ansvarsfull med å kontakte oss og fortelje om hendinga. Mange hundeeigarar gjer ikkje det, seier Sjur Søndrål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Sauebønder fortvilar over dårleg gjerde langs skinnegangen