Melde for fyllekøyring
To bilførarar er mistenkt for promillekøyring.
Begge vart tekne av politiet natt til sundag.
Den eine er ein mann i 20-åra som ei politipatrulje stoppa på Geilo. Den andre vart teken i Gol. Det er også ein mann i 20-åra. Elles melder politiet om ein roleg natt i Hallingdal. I tillegg til to tilfelle av promillekøyring, måtte politiet gripe inn mot to menn i Hemsedal. Dei var vist bort frå Hemsedal sentrum for å ha forstyrra ro og orden.