Aleksander Øren Heen (Sp) har vore statssekretær i Klima- og miljødepartementet og er no stortingsrepresentant. Han vil kome i gang med reetableringa av villrein i Nordfjella.

Meiner Stortinget har sagt sitt: – Eg forventar at villreinen er tilbake i Nordfjella i løpet av 2025

Sp-politikaren Aleksander Øren Heen gir ordførarane full oppbakking når dei krev at reetableringa av villrein i Nordfjella må kome i gang.

– Eg deler kravet om frå ordførarane. Det blir understøtta av eit samla Storting som seier at reetableringa må kome i gang så raskt som mogeleg, seier Aleksander Øren Heen.

Han kjenner problematikken rundt CWD (skrantesjuke) og Nordfjella godt, fyrst gjennom jobben som næringssjef i Lærdal kommune, vidare som statssekretær i Klima- og miljødepartementet og seinast i vår som saksordførar då Stortinget vedtok villreinmeldinga Ein forbetra tilstand for villrein.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Godt innafor

Ordførarane rundt Nordfjella er utolmodige og krev møte med statsrådane i Mat- og landbruksdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Villreinen i Nordfjella sone 1 vart utrydda 2018 i eit forsøk på å få bukt med CWD. Snart sju år etter krev dei at villreinen må tilbake til området, med friske dyr frå sone 2 i Nordfjella.

Les også
Krev å kome i gang med reetablering av villrein: – Vår tillit og tolmod er i ferd med å ta slutt
Aleksander Øren Heen (Sp) meiner alt ligg klart for å starte arbeidet med å reetablere villreinstamme i Nordfjella.

Aleksander Øren Heen gir ordførarane full støtte.

– Eg forventar at villreinen er tilbake i Nordfjella i løpet av 2025, seier han til Hallingdølen.

– Meiner du Stortinget har gjort vedtaket som trengst?

– Ja, Stortinget har sagt at villreinen skal tilbake snarast mogeleg når risikoen for resmitte er innafor eit akseptabelt nivå. Etter prøvesvar frå årets jakt er det endå meir sikkert at det ikkje er smitte i kjeldebestanden. Det må vera godt innafor «akseptabel risiko», seier Heen.

– Det er berre å setje i gang, etter mi vurdering, seier han.

Ikkje rett fram

Det er regjeringa som må ta den endeleg avgjerda. Det vil seie Mat- og landbruksdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Statssekretær Kjersti Bjørnstad (Sp) lovde å svare den lokale villreinforvaltninga, som i brevs form har etterlyste ein konklusjon, men signaliserte også at det ikkje var heilt beint fram.

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Kjersti Bjørnstad (Sp).

– Målet er å få ei frisk stamme med villrein i Nordfjella, men dette er ei krevjande oppgåve, sa ho til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Målet er å få ei frisk stamme med villrein i Nordfjella, men dette er ei krevjande oppgåve

I etterkant har ordførarane rundt Nordfjella bede om møte med ministrane for å presse på for ei reetablering.

– Politikarane må skjere gjennom

Aleksander Øren Heen kjenner motsetningane i saka. Mattilsynet, som sorterer under Mat- og landbruksdepartementet, har vore den instansen som har halde mest att med tanke på å starte reetablering. Miljødirektoratet, som sorterer under Klima- og miljødepartementet har vore meir open for å kome i gang.

– Det er heilt greitt med fagleg usemje. Men til sjuande og sist må politikarane skjere gjennom. Med prøveresultata frå siste jakt er me godt innafor «akseptabel risko», meiner Heen som vil i gang med ein plan for reetableringa i sone 1.

Villrein frå sone 2 skal brukast ved reetablering. Det har Stortinget slått fast, ifølgje Aleksander Øren Heen.

– Uomtvisteleg

Han meiner Stortinget har lagt rammene for det som må skje.

– I behandlinga i Stortinget i vår var alle parti klinkande klar med tanke på reetablering. Eg legg til grunn at det kjem til å skje, og at det berre er formalitetar som står att i departementa, seier den tidlegare statssekretæren i Klima- og miljødepartementet.

Les også
Stortinget har skore gjennom - vil i gang med reetableringa av villrein i Nordfjella

Avklaringa i Stortinget gjeld også måten det skal skje på, meiner Heen og siktar til at ein vil bruke dyr frå naboterrenget i Nordfjella, det vil seie sone 2.

– Stortinget har skore gjennom med val av kjeldebestand, villrein frå sone 2. Det meiner eg er uomtvisteleg avklart i stortingsvedtaket, seier Aleksander Øren Heen.