Med friluftsliv som yrkesveg
Naturbasert reiseliv er ein stor bransje i Hallingdal, men dei færraste tek master i dette emnet. Det er derimot Thea Foss von Ahnen på god veg til å gjere.
Og for å få fyrstehandserfaring med dette fagfeltet drog ho til Alaska på utveksling. Thea Foss von Ahnen har ikkje behov for å ha ei høg årsløn. Det viktigaste er at ho trivst med det ho driv med. Kanskje blir det sesongarbeid ei god stund framover, men det er greitt. Så lenge ho får moglegheit til å sjå og nyte flott natur.
Slik har det vore heile livet. Interessa for natur og dyreliv begynte i tidleg alder for golingsjenta. Særleg var det gjævt med hest. Ho fekk sin eigen firbeinte ven allereie på ungdomsskulen. Kvar dag i fem år gjekk ho frå Herad til Skaga for å stelle han.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg var hestegalen. Det var det einaste eg brydde meg om. Og så hadde eg kjempetru på meg sjølv. Gåturen var ingen hindring – det var berre noko som måtte gjerast, fortel Thea Foss von Ahnen.
Etter kvart vart horisonten utvida. Ho fekk ein smak på turistlivet både gjennom jobben på Langedrag og når ho no i fleire år har hatt sommarjobb med å vere guide frå hesteryggen med turistgrupper som tek turen frå Hemsedal hestesenter i Lykkja til Oset høyfjellshotell på Gol.
God arbeidserfaring
No sit 24-åringen i solsteika på Golsfjellet. Bak henne ruslar om lag 50 hestar. Sommarjobben er midt i blinken: ein kombinasjon av hest og turisme. Ho har fridag, men eigentleg er det berre hestane som har fri. Sjølv må ho bruke dagen på hestestell og skoing. Ho håpar å rekke ein tur til tannlegen for å lime på tanna som har knekt – igjen. Ei kyr stanga henne rett i kjeften – ein yrkesskade frå då ho jobba på Langedrag.
At det går i eitt har ho ingenting i mot. Omringa av flott natur er Thea i sitt ess.
Kanskje er det her ho endar opp i framtida. Ho har iallfall ingenting mot å flytte heim til Hallingdal på sikt.
– Eg har alltid sagt at eg vil tilbake. Hallingdal er den finaste plassen på jord.
Jobben som guide på hesteryggen og frå Langedrag har gitt nyttig erfaring som ho tek med seg inn i studia.
Utveksling
Naturen er noko ho alltid har vore fascinert av og sat pris på. Med ein bachelorgrad i friluftsliv frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, søkte ho masterutdanning ved universitetet i Ås. No siktar ho seg mot ein karriere innanfor reiselivsnæringa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho har alltid vore av den typen som ikkje vil gjere som alle andre. Etter eit halvt år i Ås, ønskte ho nye utfordringar. Ho ville ut i verda. Moglegheitene var mange, men Thea hadde ikkje lyst til å gjere som alle andre. Difor drog ho i januar til Alaska på utveksling.
Og når ho fyrst skulle til ein heilt ny stad, kunne ho like så godt gjere det skikkeleg, synest ho. Difor valde ho vekk studentbustad og nokså urbane strøk, i motsetnad til majoriteten av studentane i Alaska. I staden budde ho eit halvt år i ei hytte i skogen.
– Me budde i ein såkalla «dry cabin». Det er ei liten billig hytte utan innlagt vatn. Det er ei enkel løysing så vatnet ikkje frys.
For frys, det gjer det fort. Thea fekk erfare tre veker med under minus 40 grader, noko ho fekk høyre at ikkje var uvanleg. Derimot var vinteren i år visstnok nokså mild.
Ski som framkomstmiddel
Men trass i ein kort, blå strek på gradestokken, gjekk kvardagen sin gang.
Thea, som budde eit godt stykke frå allfarveg, gjekk på ski til universitetet, fire kilometer kvar dag.
Det var noko ho sette pris på.
– Eg såg så mykje flott. Kvar dag tenkte eg: Fy søren her er det fint.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjølv då temperaturen låg på 35 blå, spende ho på seg skia. Men når temperaturen låg på under 40 minus, fekk ho skyss av gode naboar.
– Me hadde bil ein liten stund også. Ein elendig pickup med bakhjulstrekk. Me køyrde ut rett som det var heile tida. Heldigvis var det sånn i Alaska at alle stoppar med ein gong ein ser ein bil med problem. Det er fordi ein frys fort i hel dersom ein blir ståande.
Det var ikkje berre elevane som nytta ski som framkomstmiddel – også professorane var å møte i skisporet på veg til arbeid.
– Og så var det ein del av professorane som nytta «fat bikes» – sånne syklar med store hjul. Dei er ypparleg til å køyre på snøen med.
– Professor på «fat bike»? Hadde dei på blazer under skidressen, då eller?
– Nei da, det var ganske så avslappa på universitetet med tanke på kleskode. Både elevane og professorane gjekk i treningstøy. Ein må kle seg etter forholda der.
Den avslappa stilen passa Thea bra. Ho har ikkje behov for å «stæsje» seg opp. Å gå på matbutikken i hølete stillongs, og kjenne at ein sklir inn i mengda, sette ho pris på.
Og apropos matbutikk. Thea fortel at det tok gjerne fire timar å handle mat. Fyrste etappe vart gjort på ski, og så var det å hoppe på bussen. For å hente vatn måtte dei køyre i 40 minutt til eit skur. På vegen var det stor sjanse for å møte elg, noko ho fekk som vane etter kort tid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ønskjer tilbake
Thea set pris på det annleis utvekslingsopphaldet, og meiner ho lærte mykje av det – både fagleg, sosialt og kulturelt.
Når ho no sitt på Golsfjellet og mimrar attende, kjenner ho at ho lengtar ho tilbake.
I august tek ho til med sitt femte studieår. No skal ho skrive masteroppgåve, og planen er å samanlikne nasjonalparkar i Norge og USA. Denali versus Hardangervidda.
– Kanskje skal eg skrive om allemannsrett, noko som ikkje finst i USA.
Våren 2016 håpar ho å kunne ha endå eit utvekslingsopphald i skogane i Alaska. Ho har verkeleg fått smaken for både naturen og kulturen i Nord-Amerika.
– Eg følte eg vart skikkeleg integrert, og at eg passa inn. Alle var så sporty og avslappa. Eg har jamleg kontakt med fleire av dei eg vart kjent med.
I framtida ser ho for seg å kunne arbeide i for eksempel ein nasjonalpark som Hardangervidda, men fyrst vil ho sjå meir av verda.
– Eg har alltid sagt at eg skal bu her i Hallingdal. Akkurat no er eg open for nokre år i USA, så får me sjå. Det viktigaste er at eg får vere utandørs.
Artikkelen held fram under annonsen.
* Studerer master i naturbasert reiseliv ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitetet, Ås
* Bachelor i friidrett frå Høgskulen i Sogn og Fjordane
* Utvekslingsstudent i Alaska, USA