Miranda Nilsen (10) i Hol er bøssebærar for TV-aksjonen.
Miranda Nilsen (10) i Hol er bøssebærar for TV-aksjonen.

– Me må ta vare på regnskogen

– Folk er flinke til å støtte TV-aksjonen, tykkjer bøssebærar Miranda Nilsen (10) i Hol.

Med ein godt grep om handtaket på bøssa går Miranda Nilsen (10) bortover grusen, opp trappa og ringjer på. Ingen opnar. Kanskje er det for fint vêr, kanskje er ho ute litt for tidleg på ettermiddagen? Fire hus må Miranda banke på før det endeleg vankar ein setel i bøssa. Klassevenninne Sandra Mikkelsen Ellingplass står klar med pengar, og er snar om å opne døra. Men kva var det pengane skulle gå til igjen?

– Til regnskogfondet. Me må ta vare på regnskogen fordi det bur folk der, og mange av urtene som er viktige for å lage medisinar veks berre der. Blir regnskogen borte kan me ikkje lage dei medisinane lenger, forklarar Miranda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trufaste bøssebærarar

Tiåringen meiner det er femte året ho er bøssebærar for TV-aksjonen. I Hallingdal er det enkelt å rekruttere bøssebærar.

– Folk stiller år etter år, kva pengane går til er ikkje så viktig, stadfestar aksjonsleiar i Hol, Hallvard Lilleslett. Innbyggjarane er også stort sett positive, ifølgje Miranda, sjølv om det hender nokon seier nei til å putte pengar på bøssa. Det meste ho har fått frå ein husstand trur ho er to hundre kroner.

– Då seier eg tusen takk, smiler Miranda.

Miranda Nilsen (10) og Dag Nilsen får bøssa av aksjonsleiar i Hol, Hallvard Lilleslett. – Folk er flinke til å stille opp, seier Lilleslett.
Miranda Nilsen (10) og Dag Nilsen får bøssa av aksjonsleiar i Hol, Hallvard Lilleslett. – Folk er flinke til å stille opp, seier Lilleslett.
Miranda Nilsen (10) frå Hol er ein trufast bøssebærar for TV-aksjonen.
Miranda Nilsen (10) frå Hol er ein trufast bøssebærar for TV-aksjonen.
Er det nokon heime her da?
Er det nokon heime her da?
Fire hus må Miranda Nilsen (10) banke på før ho får pengar i bøssa. Sandra Mikkelsen Ellingplass har stått og venta på bøssebæraren.
Fire hus må Miranda Nilsen (10) banke på før ho får pengar i bøssa. Sandra Mikkelsen Ellingplass har stått og venta på bøssebæraren.
Bøssebærar Hanne Haatuft leverer inn bøssa til Jon-Andreas Kolderup frå formannskapet og banktilsette Else Karin Berg Tafjord og Per Egil Gauteplass.
Bøssebærar Hanne Haatuft leverer inn bøssa til Jon-Andreas Kolderup frå formannskapet og banktilsette Else Karin Berg Tafjord og Per Egil Gauteplass.
Henrik og Finn Sataøen leverer inn bøssa si hjå Skue sparebank der Jon-Andreas Kolderup frå formannskapet tek imot og registrerer.
Henrik og Finn Sataøen leverer inn bøssa si hjå Skue sparebank der Jon-Andreas Kolderup frå formannskapet tek imot og registrerer.
Jarle Uthus (t.h.) er den fyrste til å levere inn bøssa hjå Skue sparebank på Geilo, slik han brukar å vera. Dei banktilsette jobbar dugnad for TV-aksjonen, f.v. Per Egil Gauteplass, Trude Pedersen og Randi K. Haugeplass.

Per Egil Gauteplass i Skue sparebank på Geilo tømmer myntene i teljemaskina.
Per Egil Gauteplass i Skue sparebank på Geilo tømmer myntene i teljemaskina.
Det sildrar godt i myntane når bøssene blir tømt.
Det sildrar godt i myntane når bøssene blir tømt.
Setlane skal reknast for seg.
Setlane skal reknast for seg.

Stor gjevarglede

I lokala til Skue sparebank på Geilo står fire banktilsette på dugnadsjobb spente og ventar på 79 bøsser frå heile Hol kommune. Fyrst inn kjem Jarle Uthus, slik han brukar, og fleire sentrumsbøsser følgjer på.

– Dei som var heime synte stor gjevarglede, dette er triveleg, tykkjer Hanne Haatuft, som også er tidleg ferdig i år. Det sildrar likevel godt og lenge i teljemaskina når bøssa hennar blir tømt.

Like etter kjem Henrik og Finn Sataøen blide og fornøgde inn døra. Dei tykte det var triveleg å gå med bøsse for TV-aksjonen i fjor, og bestemte seg for å stille i år også.

* Årets TV-aksjon er til inntekt for Regnskogfondet.

* Tidlegare dekte regnskogen 12–13 prosent av landjorda. I dag er den redusert til seks prosent.

* Regnskogfondet har i 25 år arbeidd for å bevare regnskogen.

* Pengane frå årets TV-aksjonen skal beskytte eit regnskogområde større enn Norge og Danmark til saman.

* Området pengane går til ligg i fem ulike land: Brasil, Peru, Indonesia, Papua Ny-Guinea og DR Kongo.