– Me har vore nominert til mange prisar før, men dette er stort. Vanvitig å finne ei lokalavis i dette selskapet
Hallingdølen er eit av seks mediehus som er i finalen til den høgthengande prisen som Årets Mediehus.
Det er Mediebedriftenes Landsforening som står for kåringa av årets medieprisar. Bransjeorganisasjonen opplyser at det i år har kome inn meir enn 600 bidrag frå totalt 38 mediehus frå heile landet.
Flygande målvakt
Fotograf Elias Dahlen er nominert til Årets magasinfoto for eit blinkskot av målvakt Johnas Ulshagen Jorde i full langstrekk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Årets magasinfoto er ein kategori der det er hard konkurranse frå landets beste fotografar. Dei andre nominerte er Anders Grønneberg (Dagbladet Magasinet), Andras D. Hajdu (NRK), Kyrre Lien (VG), Daniel Sannum Lauten (TV2) og Paal Audestad (Aftenposten.
Filmplakat på framsida
Hallingdølen har også to nominasjonar i kategorien Årets avisframside, både for dødsannonsen over hallingmålet (22. januar 2022) og for filmplakaten «Det store togrøveriet» (8. oktober 2022). Dei andre nominerte er VG, Nationen og Aftenposten, som alle er nominert for ei framside kvar.
«Det store togrøveriet» og dekninga av regjeringa sine løftebrot om Ringeriksbanen er også nominert i kategorien Årets lokale nyhets- og sportsdekning. I denne kategorien konkurrerer Hallingdølen mot Østlandsposten/Sandefjords Blad, NRK Sørlandet, Stavanger Aftenblad, Adresseavisen og Laagendalsposten/Drammens Tidende.
Grommaste prisen
Men den gjævaste og mest høgthengande prisen, er Årets mediehus. Det meiner i alle fall ansvarleg redaktør, Lillian Holden, som sjølv vart kåra til årets leiartalent av Medienettverket i 2022.
– Eg måtte klype meg i armen. Hallingdølen har vore nominert til mange prisar før, men nominasjon til Årets mediehus er stort. Det er vanvitig å finne ei lokalavis i dette selskapet, og det seier litt om det avisa har levert det siste året. I går fekk eg vite at me er nominert i fire kategoriar til årets medieprisar. I den eine kategorien har me til og med to nominasjonar. Avisa er i nominert både for journalistikk, foto og grafisk arbeid. Det er heile spekteret som blir anerkjend, og det er sjølvsagt stas for heile mediehuset, seier Holden.
Hallingdølen er den einaste lokalavisa blant dei seks som er nominert til Årets Mediehus. Dei andre nominerte er Adresseavisen, Bergens Tidende, Aftenposten, TV2 og NRK.