Mastrup kastar ballen over til Trintrud
Ål kommune gir slepp på økonomisjef Morten Mastrup etter ti år. Trine Trintrud rykkjer opp i leiargruppa.
Det er ikkje sett på som udelt positivt at økonomisjefen i Ål kommune har søkt om permisjon, og fått han innvilga.
– Mastrup skal ha mykje av æra for at skuta held seg flytande. Me er framleis i ei krevjande tid, sa Anne Vetteren Grøthe (Sp) då formannskapet denne veka vart spurt til råds i saka.
Artikkelen held fram under annonsen.
Spørsmålet var om økonomisjefen siste ti år skulle få permisjon.
Over i det private
Det er fleire ting som gjer søknaden komplisert. Krevjande økonomi og behov for ei stødig hand på rattet er berre éin ting.
At han går over i det private for å tilby tenester til kommunar, særleg Ål kommune, som er vertskommune for barnevernet i dalen, gjer det heile litt kinkig. Det er omsorgstenester det nyoppretta selskapet Fjellstø omsorg har i tankane. Det finst innbyggjarar som fell mellom ulike stolar i systemet i dag. Hallingdal barnevernsteneste og kommunane er potensielle kundar.
Politikarane meinte det likevel ikkje burde vere grunn for å avslå søknaden.
– Det ville vore rart om me måtte si nei berre fordi målet er å selje tenester til kommunar, sa Torleif Dalseide (V). Ingeborg Kaslegard Frydenlund (KrF) sa det viktige er å sikre at det ikkje oppstår rolleblanding.
Rolleavklaring
Det var for å klargjere roller rådmannen i utgangspunktet la permisjonssøknaden fram for politikarane, for mens Mastrup søkte om full permisjon, vil Tone Tveito Eidnes behalde han i ei 10 prosent stilling – som støtte for Trine Trintrud.
Ho har vore Mastrup sin høgre hand i mange år, og vil frå november av vikariere som økonomisjef og bli del av rådmannsteamet.
Noko skepsis frå Høgre og Ap vart avløyst av full støtte til rådmannens skisse til løysing.
Artikkelen held fram under annonsen.
Trintrud inn som vikar
På Mastrup sitt kontor kan han dermed kasta ballen over til Trintrud.
– Etter fagre ord blir det vel som å hoppe etter Wirkola?
– Han har vore god til å delegere, seier Trintrud. Mastrup meiner ho har eit fast grep om tala. Ho har 20 år i fagfeltet i kofferten.
– Me har vore eit tospann. Ho har orden i sysakene, seier han.
Økonomisjef-stillinga vil først bli lyst ut om eit års tid dersom Mastrup ikkje kjem tilbake.
For kommunen vil heller ikkje det vere udelt positivt. Selskapet han skal inn i kan potensielt løyse fleire utfordringar for folk i kommunane i dag. Kjem han tilbake, kan det bety at dei ikkje lykkast.