Mari er klar for Kongen
Mari Steinmoen (79) skal i eit kongeleg teselskap. – Det er ei stor ære, seier ho.
Mari er ein eldsjel i Flå. Torsdag bli ho takka av kongeparet saman med eldsjeler frå heile landet.
Dei er alle saman innbodne til Afternoon Tea, ein gammal engelsk skikk som Dronning Maud tok med seg til Slottet i sin tid. No fører kongeparet tradisjonen vidare, men dei gjer det ved å heidre innsatsen til aktive eldre over heile landet. Og i år er Mari Steinmoen frå Flå blant desse.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Brevet med invitasjonen frå Slottet kom heilt overraskande – og så kom tårene, seier ho.
Driv eldrekafe
Me møter henne på kjøkkenet i Grønvoldhuset, barndomsheimen til Flås store son, skodespelaren Kolbjørn Buøen. Huset er i kommunalt eige, men her har Mari drive eldrekafe saman med Gunvor Moen i fleire år.
– Det er kafe to dagar i veka. Her skal eg halde ut så lenge det er pust i meg, seier Mari.
Ho vart enke i 1989. Ho har drive gardsturisme på Rimeplassen og på Rime høgt oppe i bratte lia og vore fast inventar i Bertestugu i bjørneparken i fleire somrar. Det var då ho sat i eldrerådet i Flå at ho fekk ideen om å starte eldrekafe i Grønvoldhuset.
Er overvelda
– Eg har nok å drive med, seier Mari, som aller helst skulle hatt med seg Gunvor Moen til kongen også. For dei er eit godt samansveisa og entusiastisk tospann.
– Er du klar for Kongen?
– Eg tenkte med ein gong etter å ha fått brevet: Korleis skal eg oppføre meg der?
Gunvor Moen har ordna med sjåfør. Mari blir køyrt heilt til døra på Slottet. Etterpå går turen direkte til Kongsberg til eit seminar i Fagforbundet. Der blir ho teken godt imot når ho kjem.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Huttetu, dette blir for mykje, smiler Mari.
– Noko å sjå fram til
Ho skal pynte seg ekstra denne dagen. Den vonde hofta måtte kirurgane vente med å gå laus på til ho hadde vore hjå Kongen. Ein ekte eldsjel let seg ikkje stoppe av ein vond fot.
– Sant å seie tenkjer eg ikkje over at eg er ein eldsjel. Eg synest det er veldig bra å ha noko å gjere. Eg må ha noko å sjå fram til heile tida. Dagane då me har eldrekafe i Grønvoldhuset er viktige for meg, seier ho.
– Veldig spent
I år er det tredje gong Kong Harald og Dronning Sonja inviterer eldre eldsjeler frå heile landet til Afternoon Tea. Fem av dei er frå Buskerud.
– Kva skal du seie til kongen?
– Det veit eg ikkje enno. Men eg skal iallfall takke han for invitasjonen.
Uansett blir det ein stor dag.
– Det blir moro. Men eg er spent. Veldig spent, seier Mari Steinmoen.