Granskar to tilfelle av vald - ingen av dei alvorleg skadd
Politiet melde fredag morgon om to valdshendingar i Hemsedal.
Valdshendingane skal ha skjedd i ei leilegheit som er leigd ut i Heiskroken i skiheisområdet.
– Ein mann i 20-åra er skadd og er henta av ambulanse, opplyste politiet i morgontimane. Mannen var køyrd til legevakt.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg skal ein annan person også ha blitt utsett for vald frå same person, opplyste Roger Aaser i politiet søraust klokka 06:50.
På det tidspunktet hadde politiet ikkje snakka med alle impliserte. To timar seinare har politiet gjort meir undersøkingar.
– Me har avhøyrt dei to fornærma for å få ei god oversikt over det som har skjedd, fortel Inge Landsrød i politiet søraust.
Han opplyser vidare at det ser ut som det ikkje er snakk om alvorlege personskader.
– Ingen av dei to er alvorleg skadd, stadfestar politiet litt seinare.
Valdshendingane skal ha skjedd mellom klokka fire og halv fem natt til fredag. Heiskroken er eit leilegheitskompleks ikkje langt frå Stavkroa i Hemsedal.
I vitneforklaringar er det kome fram at mannen i 20-åra som vart sendt til legevakt også skal ha falle og pådrege seg skade, i tillegg til å blitt utsett for vald.
Politiet er fredag på staden og held fram arbeidet med å avhøyre vitne og dei involverte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er oppretta sak.