Manko på jobbar – skapte sin eigen
Monika R. Jervell sa opp jobben ho mistreivst i, men då det ikkje dukka opp nokon ny laga ho like godt sin eigen arbeidsplass.
Det er ikkje flust med jobbar å velje blant i Hallingdal. Det veit Monika R. Jervell. Etter å ha vore på jobbjakt eit års tid, var det eit kurs i å etablere si eiga bedrift som vart redninga.
Selskapet Klar hytte vart stifta i februar i fjor, men det er først i det siste at avtaleboka har begynt å fylle seg opp.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tilbyr diverse til hyttefolket
På menyen står ei rekkje servicetilbod, retta mot hyttefolk. Tilsyn, utvask og klargjering av hytter er grunnpilaren, men lista over tilbod er lang og veksande.
Frå heimekontoret har ho utsikt mot Nesbyen alpinsenter i Natten, og i nærområdet, inkludert Bøgaset og Nystølen er det kring 1000 hytter i nedslagsfeltet hennar.
– I jula hadde eg fri berre éin dag og i januar er eg neste fullbooka, seier ho og blar i kalenderen.
– På litt sikt må eg kanskje tilsette nokon for å rekke over alt, men det blir neste steg.
Familien trør til
Monika R. Jervell er ikkje riktig der enno at ho vil ta på seg arbeidsgjevaransvar. Til no har ho klart å svare på etterspurnaden ved å engasjere resten av familien. Ikkje minst har svigerfar vore god å ha.
– Eg fekk spørsmål på vesle juleftan om me kunne stille med nisse, så då måtte svigerfar trø til, fortel Monika. Ho seier ikkje nei på spørsmål om å fikse ein skigard heller, men også då er svigerfar god å ha.
Konseptet er at hyttefolk skal kunne få «alt i ei pakke» frå éin leverandør.
– Så vidt eg veit er det ingen andre på marknaden som leverer alle tenester.
Artikkelen held fram under annonsen.
Få jobbar å velje i
Ho er frå Olden i Stryn og kom til Hallingdal for tre år sidan, saman med ektemannen Halvard Jervell Haraldseth. Han ville heim til Bjørnerud gård i Trondrud i Nes. Halvard er lensmann, mens ho har arbeidd som interiørkonsulent.
– Eg mistreivst og sa opp utan å ha noko å gå til, men rekna med det ville dukke opp noko.
Det var ikkje stort. Dei få aktuelle jobbane som vart lyst ut, var det gjerne mellom 40–80 søkjarar på.
Eit søk i tre stillingsdatabasar som dekkjer vår region denne veka viser at det ikkje er all verda å søke på i dag heller. Både hallingdolen.no, finn.no og nav.no kan skilte med mellom 17–22 stillingar, i hovudsak i kommunane Gol, Hol, Nes og Ål.
– Det er lite å velje i, og inntrykket er at kjennskap og vennskap er viktig. Eg hadde ikkje så mange kontaktar, seier Monika.
Overtydd om at marknaden finst
Ho er ikkje lenger på jobbjakt. Med støtte frå kommunens næringsfond og eit kurs hos Hallingdal etablerersenter har ho fått ei ny opning.
– Begge delar var gull verd. Det gjekk opp mange lys for meg under kurset. Utan dette tilbodet ville eg neppe vore i gang. Det er mykje å setje seg inn i, både når det gjeld val av selskapsform, skattereglar, støtteordningar, rekneskap og marknadsføring. Ikkje minst det å lage ein forretningsplan, seier Monika. Ho er ikkje blitt rik av aksjeselskapet sitt enno, men ho er overtydd om at det er liv laga.
– Aukar det på i same tempo, kan det bli travelt.
Artikkelen held fram under annonsen.
* Hallingdal etablerersenter vart etablert i 2002 som eit fast interkommunalt samarbeidstiltak, eigd av kommunane.
* Finansieringa kjem frå kommunane (40 prosent), Buskerud fylkeskommune, Innovasjon Norge og lokalt næringsliv.
* Tiltaket er styrt av eit fagråd som for tida er Ann Jørgensen (Nes kommune), Heidi Granli, (Hallingdal regionråd), Ole Johnny Stavn (rådmannsutvalet), Katrine Kofstad (Innovasjon Norge), Maaike Visser (næringslivsrepresentant) og Jan Egil Halbjørhus (Hallingdal næringshage).