Ole Henrik Møllevold, Bjørn Fredrik Moen, Anette Steinbråten, Guro Bjørkedokken, Per Henrik Møllevold og Sylvia Baastad. Framme frå venstre: Ole Steinbråten, Jan Harald Møllevold, Fredrik Wischmeyer og Annika Eidsgaard.

Mange «persar» på heimebane

Symjarane i Hallingdal må stort sett reise langt for å konkurrere. Men sundag var det stemne på heimebane.

For endeleg fekk symjarane sjansen til å vise seg fram i eige basseng på Gol. Det skjedde under arrangementet Hallingsvøm 2012.

12 symjarar frå Gol IL var påmeldt, og for mange gjekk det fortare enn nokon gong.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medley

Opp av vatnet kjem Jan Harald Møllevold (10) og Ole Steinbråten (10) etter 200 meter medley.

Gutane har persa på fleire distansar, men fire ulike stilartar i medleyen tek på.

– Butterfly er tungt, seier Jan Harald.

Jan Harald Møllevold (t.v.) og Ole Steinbråten var fornøgde etter konkurransane sundag. Då passar det bra å vise musklar.
Jan Harald Møllevold (t.v.) og Ole Steinbråten var fornøgde etter konkurransane sundag. Då passar det bra å vise musklar.
Ole Steinbråten er godt i gang med medleyen sin.
Ole Steinbråten er godt i gang med medleyen sin.
Per Henning Møllevold opp mot vending på 50 meter bryst.
Per Henning Møllevold opp mot vending på 50 meter bryst.
Jonatan Maurangsnes Johansen gav alt på 50 meter bryst. Han var ein av 12 påmelde symjarar frå Gol.
Jonatan Maurangsnes Johansen gav alt på 50 meter bryst. Han var ein av 12 påmelde symjarar frå Gol.
200 meter medley er ikkje for pyser. Jan Harald Møllevold trykker til frå start.
200 meter medley er ikkje for pyser. Jan Harald Møllevold trykker til frå start.
Fredrik Wischmeyer kjempar seg fram i vatnet. Butterfly er krevjande.
Fredrik Wischmeyer kjempar seg fram i vatnet. Butterfly er krevjande.

– Eg er ganske god på butterfly, men ikkje så god i crawl, meiner Ole.

Dei gav alt på dei 200 meterane, og å symje på heimebane var berre morosamt.

– Skal de bli gode, då?

– Ja, me skal bli ganske gode.

– Kven er det store førebiletet?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Michael Phelps, kjem det kontant frå Ole medan Jan Harald tenkjer i to sekund før svaret kjem:

– Alexander Dale Oen.

Den norske symjelegenda sette spor også hos dei yngre før han tragisk døydde i mai. Så får framtida vise om dei unge golingane driv det like langt. Førebels trenar dei tre gonger i veka.

Oppgang

Og då trenar dei saman med fleire og fleire unge symjehåp.

For symjesporten i Hallingdal har hatt auka rekruttering dei siste åra. Sundag deltok 12 symjarar, og det er fleire på gang. Og no kjem det også ungar frå andre kommunar i Hallingdal for å symje på Gol. Symjegruppa i Gol IL var fornøgde med stemnet sundag. Totalt deltok 96 utøvarar frå 11 klubbar frå heile Austlandet. Målet er at dette skal bli ein årleg hending.

Og når dei personlege rekordane fall på rekkje og rad, var det løn for strevet. Både for dei i bassenget og dei langs kanten.