I Hemsedal merkte mange at det rista ved 06.30-tida måndag morgon.

Mange merka det kraftige jordskjelvet i natt: – Det buldra i golvet

Ved 06.30-tida måndag morgon rista det godt over heile Vestlandet. Også i Hallingdal merka folk jordskjelvet.

– Eg skulle til å stå opp då det buldra i golvet, fortel Hege Falck-Andersen i Hemsedal.

– Det har vore ein del sprenging på skuletomta, som ligg rett i nærleiken, så eg trudde det var dei som hadde begynt veldig tidleg. Sidan eg er styreleiar i sameiget her, var den første tanken min; «no kjem det til å kome klagar frå bebuarane», seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hege Falck-Andersen.

Men sprenging var det ikkje. I staden var det eit kraftig jordskjelv i Nordsjøen som forplanta seg heilt til fjells.

VG melder at Equinor stenger ein av sine plattformer i Nordsjøen etter skjelvet. Episenteret var mellom Stadt og Færøyane, 160 kilometer vest for Førde.

Sprenging eller fly

Johan Müller i Hemsedal merka godt at det rista. Men i likskap med Falck-Andersen tenkte heller ikkje han først og fremst på ei jordskjelv.

– Eg trudde det var ei skogsmaskin eller noko slikt på vegen nedanfor, som var på veg opp i tunet vårt. Eg gjekk for å sjekke, fortel han.

Men i tunet var det ingenting.

– Då tenkte eg eigentleg berre at det måtte ha vore sprenging i hyttefeltet ved Golfalpin ein snau kilometer unna. Eller ein kraftig morgonsalutt i steinbrotet til maskinlaget, som ligg 3-4 kilometer unna i luftline, seier Müller.

Ola Anderdal skriv på Hallingdølen si Facebook-side at han hadde ein annan teori då han merka skjelvet:

– Det høyrdest ut som eit Herkules-fly i låg høgde.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Uvanleg kraftig

Forskingsinstituttet Norsar melder til NRK at skjelvet hadde ein styrke på 5 på skalaen, noko som er det kraftigaste på 33 år.

– Det var eit uvanleg kraftig jordskjelv. Me meiner styrken er på 5,1, så det vil kjennast i eit veldig stort område, seier administrerande direktør i Norsar, Anne Strømme Lycke til NRK.

Les også
Reinsbukk døydde etter helikopter-merking: – Beklageleg at slikt skjer
Les også
Stort engasjement: Vil demonstrere for Knut
Les også
Prisdryss til Hallingdølen - beste side, beste foto og journalistprisen