Oppdatert veginfo: Framleis vanskeleg å koma seg ut av dalen
Fleire stader i Hallingdal er riksvegen stengd trass i at elva trekkjer seg attende. Nokre stader betyr det framleis isolasjon frå omverda.
Nedst i dalen er vegen stengt mellom Flå og Gulsvik ifølgje appen «Vegvesen trafikk». Presis Vegdrift som står for stenginga seier til Hallingdølen at informasjonen her er oppdatert og nettopp presis.
Flå og Nesbyen hardt råka
I Flå er status same som i går. Vegstenginga går ifølgje kartet frå innkøyringa til Høgevarde og heilt til Bromma. Fleire stader på denne strekka kan ein ikkje lengre køyre på Rv7 utan at bilen går heilt under vatn. Rett sør for Flå sentrum går vatnet over vegen. Det same skjer ved Kolsrud. Flåværingane er i praksis isolert, då dei korkje kan reise oppover eller nedover dalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vidare oppover dalen er vegen stengt ved Bromma, men ifølgje Vegvesenet er det lysregulert på staden. Brua over til Liodden er framleis stengt. Vatnet går over på austsida av brua.
På Nesbyen er Rv7 framleis stengt ved innkøyringa til Moan og Alfarvegen. Også Rukkedalsvegen er stengt. Ved innkøyringa til Nesbyen sentrum lengre nord fløymer også elva i vegen. Rudvegen er einaste måten å koma seg lengre opp i dalen på.
Rv7 og Fv50 stengd
I Gol er vegen stengt ved Herad. Frå søre innkøyring til Gol er vegen stengt til Rotneim grunna overfløyming. Her har ei bru blitt tatt av Hemsila.
I Hemsedal ser det berre ut til at det er Fv2924 som er stengt ved Moen Camping. Altså ikkje Rv52.
I Ål er status det same som i går. Rv7 stengd ved Torpo. Torpovegen kan nyttast. Når du kjem til Ål sentrum er vegen stengt tre stader mellom sentrum og Kleivi.
Onsdag er også Nordbygdvegen i Ål, fylkesvegen i retning Vats stengt, i området Reiersgardsvingen.
I Hol har det gått eit jordskred som stenger Fv50 langs Holsfjorden.