– Målet er vel at skuterreglane skal funke for innbyggarane
24 endringar måtte til før politikarane endeleg velsigna dei nye retningslinjene for motorferdsel.
To gonger har kommunestyret i Nore og Uvdal vald å utsetje avgjerda om nye og strengare retningslinjer for motorisert ferdsel. To gonger har kommunestyret sendt saka tilbake til hovudutval for næring, miljø og kommunalteknikk. Først i mai, så i september.
Forslaget kjem som følge av fleire søknadar om skuterløyve, og for å sikre likebehandling og lette saksbehandlinga for kommuneadministrasjonen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Strammar inn:
I fleire år har kommunane i Numedal hatt ulik praksis for motorferdsel i utmark og på islagde vatn.
Motorferdsek er som hovudregelforbode, men kommunen kan dispensasjon til mellom anna leigekøyring og transport.
For to år sidan forsvann kravet om at det skal vera minst 2,5 km frå brøyta veg til hytte for å kunne søke om løyve til skuterkøyring. Etter det har talet søknadar auka.
Kommunen har funne ut at rundt 4500 bygg ligg lenger enn 1 km frå næraste brøyta veg. Det har kome inn søknadar der hytta ligg berre 150 meter frå næraste brøyta veg.
Hovudutval for næring, miljø og kommunalteknikk ville sette grensa på 1 km. Etter behandlinga i kommunestyret måndag er grensa sett på 2,5 km.
Alle gode ting er tre
Likevel var det framleis spørsmål og diskusjonar då saka sist måndag var oppe til behandling i kommunestyret for tredje gong.
Kåre Gunnar Bergstøl (Sp) hadde då med seg ei liste med 24 endringsforslag.
– Målet er ikkje å halde skuterkøyring på eit minimum, då det inneber mykje nyttekøyring og det rett og slett er dårleg gjort for dei som er interessert i næring. Det er heller ikkje alle som opplever motorduren som mistrivsel, sa Bergstøl.
I grove trekk, foreslo han oppmjukingar av krava til søknad om dispensasjon. Sp meiner det er for strengt å måtte oppgi trase, og at det nok å oppgi kor ein skal og i kva område på same tid som køyring alltid skal skje etter kortaste sikre rute. Han peikar også på at å syne næringsoppgåve og at du må vera momspliktig for å søke er for strengt. I tillegg, ville han stryke forslaget om at du blir nekta dispensasjon i ein periode om du bryt lova.
– Røde Kors må søke dispensasjon for å øve, men ikkje under hendingar. Me foreslår at slike organisasjonar får dispensasjon også til å øve, seier Bergstøl.
Feil forum
– Dette høyrer ikkje heime her. Det blir alt for mykje detaljar og tungt å ta stilling til no. Slike retningslinjer har me behandla i utval tidlegare, sa Vilhelm Håvardsrud (H), som også sit som leiar av motorferdselsutvalet i kommunen.
Lars Egedahl, utvalsleiar for næring, miljø og kommunalteknikk (H), likte dårleg at Senterpartiet kom med endringar i kommunestyret, og ikkje då utvalet behandla saka. Det tok Sp sjølvkritikk på. Likevel seier ordførar Jan Gaute Bjerke at han har sansen for forslaga.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det handlar om å finne løysingar for innbyggarane på praktiske forhold. Slik sett er det ikkje store endringar punkt for punkt. Eg foreslår me behandlar saka no og ser på utvalsstruktur seinare, seier han.
Og sjølv om Håvardsrud kom med forslag om å trekke saka frå kommunestyret og heller behandle den i motorferdselsutvalet, fall forslaget med berre fire stemmer frå Høgre.
Med eit knapt fleirtal, 12 mot 11 stemmer, vart endringane til Senterpartiet vedtekne. Målet er no å revidere retningslinjene kvart fjerde år.