Lyftar fram lokal mat
Nortura si satsing på Hallingskarvet Lam og norske spesialprodukt vart presentert for eit internasjonalt publikum på Grüne Woche i Berlin.
Grüne Woche er ei av verdas største forbrukarmesser for landbruk, mat og reiseliv.
Den internasjonale størmønstringa opna sist helg og varar i ti dagar. Nesten ein halv million gjester, utstillarar og delegasjonar frå 70 land frå alle kontinent er samla i Berlin.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Skal hjelpe bonden
Konsernsjef i Nortura, Arne Kristian Kolberg, var med i den norske næringslivsdelegasjonen til Landbruks- og matdepartementet. Hans informerte om nysatsinga på lokalproduserte spesialitetar gjennom den nyoppretta Nortura-avdelinga, «Kjøttcompagniet».
Nortura-sjefen trekte fram Hallingskarvet Lam som døme på lokale merkevarer som skal marknadsførast og satsast på i sterkare grad enn tidlegare. Han understreka kor viktig det er at norsk kjøtproduksjon får nye og fleire bein å stå på.
– Me skal vera samarbeidspartnar for små leverandørar, byggje alliansar og nettverk. Me skal gjera det enkelt for bonden som har ein gründer i magen og treng hjelp til å koma i gang med lokalmatproduksjon, sa Kolberg i foredraget under Grüne Woche.
– Mat med identitet
Kjøttcompagniet vart etablert som underavdeling i Nortura-konsernet ved årsskiftet. Det er tidlegare fabrikksjef ved Nortura si avdeling på Gol, Torleif Bjella, som er konserndirektør i Kjøttcompagniet. Han har vore tilsett i konsernleiinga dei siste fire-fem åra. Som fabrikksjef på Gol var han med under oppstarten av spesialproduktet Hallingskarvet Lam og kjenner bransjen frå grasrota.
– Hallingskarvet Lam er eitt av fleire merkevareprodukt me skal vera med å vidareutvikle. Me skal også hjelpe dei som går svangre med nye idear til å koma i gang med å produsere mat med identitet, seier Bjella.
Stort vekstpotensial
Lokale matspesialitetar har alt fått solid fotfeste både i daglegvarehandelen og storhushaldningar. Nortura reknar med ei omsetning på over 600 millionar kroner i år av kjøtprodukt i denne kategorien.
– Mat med identitet har stort vekstpotensial for alle dyreslag. Det er spådd ein årleg vekst på ti prosent framover. Ved å opprette Kjøttcompagniet tek me eit større grep for å hjelpe kundane våre, seier konserndirektøren frå Torpo.
Han er også fornøgd med at nysatsinga til Nortura og norske kjøtprodusentar fekk plass under Grüne Woche i Berlin.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det var eit fint høve til å få gjort det kjent, og me fekk gode tilbakemeldingar. Det er også positivt å bli heia fram av styresmaktene, seier han.