Lovar å hjelpe bankkundane
SpareBank 1 Hallingdal Valdres har oppretta krisestab. Dette er gjort for å hjelpe bankkundane.
– Me har handtert ulike skifte i økonomien i meir enn 150 år. Også denne gongen skal me stille opp for kundane våre, lovar administrerande direktør i SpareBank 1 Hallingdal Valdres, Knut Oscar Fleten.
Fryktar konkursar
Næringslivet i Hallingdal er hardt ramma av koronautbrotet. Ei rekke bedrifter har måtta stenge ned all verksemd. Andre opplever dramatisk fall i omsetnaden. Det er også sendt ut ei stort mengd permitteringsvarsel. Til liks med resten av Bank-Norge fryktar SpareBank 1 Hallingdal Valdres konkursar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil strekke seg langt
Men koronautbrotet rammar ikkje berre næringslivet. Også privatpersonar og enkeltmannsføretak er hardt ramma.
- SpareBank 1 Hallingdal Valdres vil strekke seg langt, både overfor privatkundar og bedriftskundar. Me er bekymra for konsekvensane på kort og på lang sikt, seier Fleten.
Dette er også bakgrunnen for at banken har oppretta ein krisestab.
– Det er viktig at bedrifter og privatpersonar tek kontakt med oss så tidleg som mogleg dersom dei ser at dei får økonomiske utfordringar. Me kan ta i bruk fleire ulike verkemiddel. Me vil tilpasse løysingane til beste for kundane, understrekar Fleten.
Avdragsfritak
For privatpersonar som blir ramma av permitteringar kan avdragsfritak på lån vere aktuelt. For bedrifter er det viktig å sjå på tiltaka som kjem frå regjeringa. Samstundes er banken innstilt på å finne fram til individuelle løysingar for den einskilde bedrift, eller privatkunde, understrekar Fleten.
Dørene er framleis opne ved alle filialane til SpareBank 1 Hallingdal Valdres.
- Når kundane opplever vanskelege tider skal dei ikkje bli møtt av ei låst dør. Eg er stolt over dei tilsette som stiller opp for kundane i ei vanskeleg tid, understrekar Fleten som også har ei oppmoding til kundane;
- Sjølv om dørene er opne ser me helst at kundane kontaktar oss på telefon, e-post eller chat i staden for å møte opp i filialen. Treng ein likevel å kome i kontakt med oss fysisk, vil me at dei ringer og avtalar møte.
Artikkelen held fram under annonsen.