Livsfarleg kryssing av linja
Ikkje berre er det ulovleg å krysse jernbanelinja på Hardangervidda, det er også livsfarleg.
Kvar vinter ser Jernbaneverket mange skispor som kryssar Bergensbanen på Hardangervidda. Det hender til og med at jernbanesporet blir brukt som skiløype.
Jernbaneverket ser behov for å på de sterkaste åtvara mot dette. Det er sjølvsagt livsfarleg, men også heilt ulovleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg til å åtvara gjennom media har Jernbaneverket stand på Bergen stasjon i vinterferien, og spreier brosjyrar om kor farleg det er å gå nær jernbanelinja på ski.
I tillegg informerer NSB dei reisande via høgtalarar på toga.