Det einaste som er klart er at Solveig Vestenfor blir ordførar i Ål.
Det einaste som er klart er at Solveig Vestenfor blir ordførar i Ål.

Lite er klart i Ål

Partia i Ål hadde dei fyrste forhandlingane onsdag kveld, men det einaste klare kortet i kabalen er ordføraren.

– Me har eit avtaleutkast klart, men det er framleis nokre detaljar som står att, seier Dagfinn Bøygard, leiar i Ål Ap.

Arbeiderpartiet gjekk breitt ut og inviterte alle partia til forhandlingar etter valet. Onsdag kveld var det fellesmøte i Ål, men posisjonane er ikkje endeleg fordelte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det einaste som er klart er at Solveig Vestenfor blir ny ordførar, med støtte frå alle parti.

– Det er ingen store stridstema eller diskusjonar. Eg trur alle parti er nøgde slik det ser ut no. Me skal samlast neste veke og gjere ferdig forhandlingane då, seier Bøygard.

– Det er ulike årsaker til det. Mellom anna at det ikkje alle verv og utvalsleiarar som er avklara enno, nokre er framleis i tenkeboksen. Men eg trur ikkje det blir dei store overraskingane, seier han.

I det nye kommunestyret vil Arbeiderpartiet få åtte mandat, Senterpartiet fem, Venstre fem, Høgre fire, KrF to og Frp eitt mandat.