Helene Sagabråten, leiar i Hallingdal barnevernsteneste, les ikkje revisjonsrapporten som kritikk. – Rapporten peikar på fleire positive ting ved Hallingdal barnevernteneste, sjølv om det ikkje er det Hallingdølen vel å fokusere, seier ho.
Helene Sagabråten, leiar i Hallingdal barnevernsteneste, les ikkje revisjonsrapporten som kritikk. – Rapporten peikar på fleire positive ting ved Hallingdal barnevernteneste, sjølv om det ikkje er det Hallingdølen vel å fokusere, seier ho.

Les ikkje rapporten som kritikk, men vedgår dialogproblem

Hallingdal barnevernsteneste er klar over forbetringspotensial og vil jobbe for å bli tøffare.

Kommunerevisjon IKS har skrive ein revisjonsrapport om Hallingdal barnevernsteneste der ein blant anna gir fleire råd om forbetringar.

– Les de rapporten som negativ kritikk?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, men det blir peikt på område med forbetringspotensial, seier Helene Sagabråten, leiar for Hallingdal barnevernsteneste.

Jobbar ulikt

Hallingdølen har tidlegare omtala at kommunane jobbar ulikt med førebyggjande arbeid. Slik sett får barnevernet ulike «draghjelp» frå dei ulike eigarkommunane.

– Alle kommunane i Hallingdal er ulike. Med ulike prioriteringar, organisering og arbeidsmåte. Sidan me dekker alle seks kommunar, ser me dette tydeleg. Det blir gjort mykje bra førebyggjande arbeid i alle kommunar, men me kan sjølvsagt bli betre. Barnevernet må også i større grad prioritere førebygging saman med andre kommunale instansar, seier Sagabråten.

Ho meiner det må vere opp til kommunane å prioritere, men at det vil vere viktig å ruste det kommunale lågterskeltilbodet slik at ein har ressursar til å ta tak i utfordringane ein ser hjå barn og unge.

– På den måten kan ein på sikt førebyggje alvorlege og dyre barnevernstiltak.

– Dialog kan vere ei utfordring

Barnevernet har per i dag hjelpetiltak for 133 barn. I tillegg blir det for tida gjort undersøkingar i kjølvatnet av 34 nye meldingar. Mange kvir seg for sitt første møte med barnevernet, men ein kan likevel lykkast å få til eit samarbeid, der alle partar tenker på barnet, forklarar Sagabråten.

– Men det er manglande konstruktiv dialog med foreldre?

– Dette er ei utfordring i møte med fleire foreldre, men langt frå dei fleste. Utfordringa er foreldra som nektar å ha noko med barnevernet å gjera og nektar tiltak. Korleis skal ein lykkast å koma i dialog med dei som absolutt ikkje ønsker det, og der fleire instansar ser store utfordringar for barna deira, spør ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil jobbe for å bli tøffare

– Me har snakka med foreldre som seier dialogen er fråverande?

– I nokre saker er den det, og det er ei utfordring. Dette gjeld langt frå fleirtalet av dei familiane me har kontakt med. Dersom ein skal lukkast med dialog og samarbeid så må begge partar ville det.

– Er det gjensidig mistillit mellom barnevern og foreldre?

– I nokre saker ja, i dei fleste sakene nei. For å førebygge mistillit så må ein byggje tillit, og det krev dialog og samarbeid.

– Revisjonsrapporten seier at barnevernet må bli betre på konstruktiv dialog. Korleis kan de bidra til det?

– Ved at me stadig har det som tema. Dei som står i vanskelege saker der dei ikkje greier å få dialog må få rettleiing og hjelp til korleis dei kan gå fram vidare. Dessutan er me blitt råda om å bli tøffare, og ikkje la foreldre få høve til å la vere å kome til møte/avtalar, ikkje svare telefon eller brev. Me må våge å oppsøke dei, sjølv om det er ubehageleg, både for dei og oss. Foreldre har ikkje høve til å takke nei til ei undersøking, når barnevernet har fått uromelding. Dette er kjempevanskeleg, seier Sagabråten.