Lars Ødegård Teigen frå Nibstad Eiendom AS, og arkitektane Lars Jørstad Nordbye og Margrethe Lund frå Snøhetta, presenterte ein mogelegheitsstudie for kommunen i 2015. – Storefjell Resort burde også fokusere på mogelegheitene, meiner Teigen.
Lars Ødegård Teigen frå Nibstad Eiendom AS, og arkitektane Lars Jørstad Nordbye og Margrethe Lund frå Snøhetta, presenterte ein mogelegheitsstudie for kommunen i 2015. – Storefjell Resort burde også fokusere på mogelegheitene, meiner Teigen.

– Legg oss ikkje i vegen for utvikling av Storefjell

Lars Ødegård Teigen meiner leilegheiter på Storefjellstølen kan bane veg for vekst også for Storefjell Resort.

Det er Lars Ødegård Teigen som har hand om utviklingsplanen til Knut Nibstad Brusletto i Nibstad Eiendom AS.

Han meiner det realistiske utbyggingsvolumet er 12.000 kvadratmeter, ikkje 24.000, og at usemja om pris, ikkje har noko i politikken å gjere.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei folkevalde skal avgjere arealbruk, uavhengig av kven som står som eigar, seier Ødegård Teigen.

Fire års prisdiskusjon utan løysing

Han stadfestar at det har vore dialog i fire år med Arne Nibstad og Storefjell Resort, og at hotelldrivarane fekk tilbod om å kjøpet jordet, som striden i dag handlar om, til takst. Kva taksten var, meiner han er av privat karakter.

– Me kom ikkje til semje, seier han. Det vart likevel sett i gang ein felles prosess med tanke på å utvikle området. Utkastet til reguleringssaka starta som eit kompromiss.

– Me har prøvd å vere ryddige. Då reguleringsøknaden nesten var klar til innsending, fekk Storefjell utkastet til gjennomlesing. Då var tilbakemeldinga at dei ikkje hadde bruk for området.

– 12.000 kvm er meir realistisk

– Hotelldrivarane reagerer no på omfang og utnyttingsgrad?

– Tomta er på 15,7 mål, og med 40 prosent utnytting gir det vel 6000 kvadratmeter. Men trekkjer ein frå parkering står me att med 4000 kvm til å bygge på. Med tre etasjar gir det 12.000 kvadratmeter til saman, men dette har me ikkje finrekna på.

– Ikkje seks etasjar?

– Sjølv om mønehøgda målt frå eit hjørne av tomta kunne gitt seks etasjar, er tre meir realistisk. Vårt fokus er ikkje pris no. Me vil lage ein heilskapleg plan. Politikarane må hugse at tomta er regulert for næring og då er det naturleg å utnytte ho. Storefjell har ein stor reguleringsplan sjølv. Vår plan vil gi nye gjester inn i området. Det kan gi fart på utviklinga, også for hotellet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du ser ikkje at de legg dykk i vegen for hotellutviklinga?

– Eg klarar ikkje sjå det, seier Lars Ødegård Teigen.