Kjell Ålien (Sp) sit i Nesbyen kommunestyre og Hovudutval for livsløp. Han har nokre spørsmål knytt til legevaktsamarbeidet med Gol. (Arkivfoto)

Legevakt: – Eg kan ikkje forstå anna enn at me får ei belastning utan gevinst. Den får me fordi Gol har kome i åndenød

Politikarane har ikkje sett avtala om nytt legevaktsamarbeid mellom Gol og Nesbyen. Ap og Sp stussar over prosessen så langt.

Ålien (Sp) understrekar at han pratar på vegner av seg sjølv, og tek atterhald sidan han ikkje har lest avtala.

– Men viss eg har forstått det riktig, så er det ein viss fare for at me mistar eit tilskot på ein snau million, og det må openbert avklarast, seier han til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ny samarbeidsavtale bekymrar legane: – Kommunen verkar ikkje å ha lytta til våre råd
Ny samarbeidsavtale om legevakt

* Kommunedirektørane i Nesbyen og Gol har skrive under på ei samarbeidsavtale om felles legevakt på kveld, helg og høgtid

* I avtala står det at hovudregelen er éin lege på heimevakt

* 60 prosent av vaktene blir lagt til Gol, og 40 prosent blir lagt til Nesbyen

* Avtala vart skrive under den 28. juni, og trer i kraft 5. august

Køyre «motstraums»

Ålien reagerer også på at nesningane må køyre i «feil retning» frå sjukehuset for å kome til legevakta, og syner til debatten som gjekk då Gol sa opp samarbeidet sitt med Hemsedal.

– Slik eg forstod det handla også dette om at dei ikkje ville sende innbyggjarane «motstraums». Då harmonerer det dårleg for meg at nesningane blir pålagt å gjere nettopp dette.

I avtala står det at vaktene skal fordelast etter folketal, der 60 prosent blir lagt til Gol.

Belastning utan gevinst

Kjell Ålien kan fint akseptere å køyre «motstraums» for ei storlegevakt. Men då bør alle kommunane sett bort frå Flå vere med.

– Først då kan ein dra fordelar av det både økonomisk og med tanke på bemanning.

Les også
Kritisk til ny legevaktavtale: – Det er lansert som eit sparetiltak, men det er det definitivt ikkje

I avtala står det at det som hovudregel skal vere éin lege på heimevakt. Legar i Nesbyen har vore kritiske til avtala, og Ålien er sjølv skeptisk:

– Eg kan ikkje forstå anna enn at me får ei belastning utan gevinst. Den får me fordi Gol har kome i åndenød sidan dei valde å seie opp avtala med Hemsedal utan å ha eit alternativ på plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han reagerer også på at politikarane ikkje har hatt saka på bordet. Ålien sit i Hovudutval for livsløp.

– Eg synest absolutt at me politikarane bør ha god oversikt over det som ligg i løypa.

– Positive til samarbeid

Kim Bråten (H) er leiar i Hovudutval for livsløp. Han seier at han ikkje kjenner til detaljane i avtala.

– Men som alle andre ønsker me ei god legevaktordning som er robust både i dag og framover. Eg reknar med at når kommunedirektør har inngått ei slik avtale, så er det innanfor dei delegerte oppgåvene ho har fått, seier han.

Bråten viser også til at det skal vere kalla inn til eit møte med legane rett etter sommarferien kor eventuelle usemjer kan bli oppklara.

– Som utgangspunkt er me veldig positive til samarbeid om legevakt for å vere meir robuste i framtida. Endå betre er det viss me på sikt kan samarbeide med fleire kommunar i dalen.

Saknar involvering

Adnan Helja (Ap) seier følgjande om artikkelen som stod på trykk torsdag:

– Det er urovekkande at legane ikkje har følt seg tilstrekkeleg involvert. For oss i Ap er det heilt avgjerande at dei som jobbar i førstelinja både får medverke og blir høyrd i slike prosessar.

Artikkelen held fram under annonsen.

På spørsmål om Arbeidarpartiet kjenner til innhaldet i avtala, svarar Adnan Helja nei.

Les også
Politikarane seier ja til ny legevaktavtale: – Dette er framtidsretta

– Me har ikkje vore involvert i prosessen. Men me har fått ein e-post om at politikarane vil få ei orientering, og det er bra.

– Burde det vere behandla politisk?

– I så viktige saker bør politikarane prinsipielt vere involvert.

Vil ha saka på bordet att

– Ser de på avtala som eit steg i riktig retning?

– Det er vanskeleg å meine noko om det fordi avtala ikkje lagt fram for oss. Me deler noko av bekymringa til legane rundt at berre ein lege skal vere på vakt for både Gol og Nesbyen, og at dette kan føre til stor belastning.

Samarbeid med nabokommunar kan absolutt vere positivt for framtida, meiner han.

– Men då må kvalitet, tryggleik og medverknad frå dei som jobbar i tenesta vere i fokus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helja meiner det no er viktig at kommunen og legane møtest, og at dialogen vidare er tydeleg og effektiv.

– Så er det ein tydeleg forventning frå Ap om at dette kjem tilbake på politikarane sitt bord, avsluttar han.