Lanes: – Eg gler meg!
Lensmann Inger Lill Lanes hadde sin første arbeidsdag i går. Ho fekk ein varm velkomst.
Den nytilsette lensmannen hadde ikkje rokke å sitje lenge i sjefsstolen på lensmannskontoret i Gol før politimeister Sissel Hammer banka på døra.
– Når ein ny leiar tek til, brukar eg å ta imot. Som regionslensmann blir ho også ein av del av leiargruppa mi, seier politimeister Hammer.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kva slags lensmann blir Lanes?
– Eg har tilsett ein lensmann med veldig brei erfaring og som har god leiarutdanning. Mange er lei seg for at dei mistar ho som lensmann, seier Hammer.
Kjem tilbake
Litt brydd sit Inger Lill Lanes (53) bak skrivebordet og høyrer på rosen.
Ho kjem frå stillinga som lensmann i Stryn og Hornindal i Sogn og Fjordane. Her har ho vore lensmann sidan 2006. Før ho drog dit hadde ho arbeidd i åtte år ved lensmannskontoret i Hol der ho var førstebetjent og ei tid også vikarierte som politioverbetjent. No blir ho ikkje berre lensmannen i Gol og Hemsedal, men også regionslensmann i Hallingdal/Nore og Uvdal.
Skal vere tydeleg
– Eg gler meg veldig, seier ho.
– Å kome tilbake til Hallingdal kjennest litt trygt samtidig som det er mykje ukjent ettersom det er gjort endringar i organiseringa. Men eg er vant til regionorganiseringa frå Nordfjord.
– Blir du ein synleg lensmann?
– Eg håpar det. Eg meiner at ein lensmann både skal vere tydeleg og samfunnsengasjert. Eg er oppteken av menneska eg skal leie. Prosessane skal vere ryddige, og eg er oppteken av at alle skal arbeide saman om eit felles mål, seier Lanes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alle ventar
Som alle lensmenn som blir tilsett i desse dagar, er tilsetjinga mellombels i påvente av ei avklaring om strukturen i politi-Norge.
Å samle politiet i eitt lensmannskontor i Hallingdal er heller ikkje tema no, ifølgje politimeister Sissel Hammer. Alle ventar på korleis regjeringa meiner at politiet skal organiserast.