Landsdelsscene redda likevel?
Nye saksopplysingar kan opne døra på ny for ein landsdelsscene for dans i Ål.
– Det er kome nye opplysingar som gjer at me må sjå på dette som ei heilt ny sak, seier Solveig Vestenfor (Ap). Ordføraren meiner det no er to alternativ som peikar seg ut.
n Alternativ B, ei redusert utbygging av ein landsdelsscene for dans
Artikkelen held fram under annonsen.
n Alternativ D, ei utviding av kulturskulen utanfor Ål kulturhus.
Sistnemnde var det berre Frp som i si tid stemte for, mens det vart eit mindretal (11 mot 14) som stemte for alternativ B, i desembermøtet. Med dei nye opplysingane kan mindretalet fort bli til fleirtal.
– Arkitekten som har sett på kulturskuleutbygging innanfor kulturhuset har vist oss at det ikkje er mogeleg å få til med løyvinga på 12 millionar. Dersom ein likevel kjem opp mot 19 millionar stiller det saka i nytt lys, seier Vestenfor.
Moms-spørsmålet er uavklara
Det er fleire ting som er uavklara. At momsspørsmål også vil bli del av diskusjonen er ikkje utenkjeleg. Det har nemleg vist seg at reknestykka frå 2013 og 2015 ikkje har vurdert moms-reknestykket likt. Spørsmålet er kva som har skjedd i mellom dei to årstala. Ei avklaring her kan bety mykje for kva sluttrekninga blir for å byggje ein ny institusjon for dans.
Vil ein få statleg driftsstøtte?
Eit anna spørsmål går på drift, og då kan det bli avgjerande om ein slik institusjon er å definere som nasjonal eller regional.
– Landsdelsscenen er nasjonal. Vi må ha ein forsvarleg drift i 3 år, då kjem ev. statsstøtte til drift inn, og då kjem og fylket på banen.
Om det er statleg delfinansiering av sjølvet bygget, vil det med andre ord bli kommunal drift i tre år før det kan bli aktuelt med driftsstøtte frå andre hald, enten det er frå fylkeskommune eller stat.
– Det er framleis uavklarte spørsmål ved drift, men etter signal frå dei andre kommunane kan det bli aktuelt med eit spleiselag, i lys av at me ser på dette som ei scene for heile Hallingdal, seier Vestenfor etter at ho lufta spørsmålet i regionrådet sist veke.
Artikkelen held fram under annonsen.
Må bestemme seg i februar
At ein Landsdelsscene for dans er blitt ein nasjonal institusjon er uansett nytt, for i saksutgreiinga til desembermøtet er ikkje det omtala med eit ord.
Det står om «regional og nasjonal» interesse, og det er sagt at ein vil samarbeide med nasjonale aktørar, men utover dette er ingen av omgrepa nærare omtala.
Debatten om kva for definisjon ein arena for dans på Ål vil få har blant anna gått i Hallingdølens lesarbrevspalter, inkludert i dagens avis (sjå side 37).
- Det er relevant å avklare om det er ein nasjonal arena eller ikkje, seier Vestenfor.
Dersom drøftinga måndag gir føringar til fordel for ei oppattaking er det likevel først i kommunestyre 18. februar ein kan vedta å ta opp igjen saka. Sidan må ein ta ein endeleg avgjerd 19. mai. Etter det er dei statlege løyvingane på 13,2 millionar uansett borte.