Landsdelsscene for dans skrinlagt
Forkjemparane for landsdelsscene kom i mindretal, 11 mot 14. Auka driftskostnader for kommunen skremde fleirtalet.
Det var nok timinga som var den største fienden til landsdelsscenen for dans. Politikarane i Ål har kutta 30 stillingar siste fire år, noko som over fireårsperioden betyr 90 millionar kroner i drift.
Ein landsdelsscene ville truleg auka driftsutgiftene med 2,3 millionar kroner. Det ville ikkje fleirtalet av politikarane vere med på. Torsdag kveld vart prosjektet om ei nasjonal landsdelsscene for dans og folkedans skrinlagt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ville vere modige
Saka har splitta fleire parti. Både Venstre og Senterpartiet delte seg. Særleg Høgre kjempa for alternativ A – ei full utbygging til 50 millionar kroner – til siste slutt. Dei meinte det ikkje var gjort nok med å skaffe ekstern finansiering. Det manglar 11 mill.
– Me vil bruke dei neste åtte månadane på å jobbe for å fullfinansiere prosjektet, sa Sigrun Jorde (H). Det meinte også Ola Terje Oleivsgard (Sp) ein måtte våge å gjere.
– Me må passe på at me ikkje blir så sparefokusert at me gløymer å ha blikket framover. Me må kanskje vere litt modige, sjølv om det er skummelt. Slik er det gjerne å vere modig, sa han og la til:
– Men då kan me ikkje kome om åtte månader å si nei. Då held me ein heil sektor for narr.
Tett på oppløpssida
Etter avstemminga er det klart at pengeinnsamlinga er avlyst. Med det seier ein også «nei takk» til ei statsfinansiering på vel 12 millionar, fylkeskommunens 6 og private bidrag på til saman 1,5.
Høgre (4) og KrF (2) landa samla på å satse, mens Sp (2) og V (3) framleis var splitta i saka. 11 stemmer var ikkje nok.
Frp vart åleine om alternativ D, å sjå på utviding av kulturskuletilbod utanfor dagens kulturhus.
Kulturskuleutbygging
Fleirtalet (13) stilte seg bak rådmannens tilråding – alternativ C – om å gi kulturskulen ei sårt trengt utbygging.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me går for alternativ C. Ingen uthaling, sa Jan Egil Grue (Ap).
Kulturskulen har hatt ønskje om tiltak sidan 2006, både av omsyn til plassmangel for eit stadig aukande elevtal (i dag 340) og arbeidstilhøva til dei tilsette.
Vedtaket betyr at det blir sett av 300.000 kroner til planlegging i 2016, og 12 millionar kroner til bygging i 2017. Utvidinga blir i direkte tilknyting til dagens kulturhus. På den måten skal heller ikkje driftskostnadene bli vesentleg endra frå dagens nivå.
Me har i dag andre tankar enn då teikningane vart laga. Det kan redusere driftsutgiftene.
Anita Borrmann Skoglund, kulturhusleiar
Ål er alt ein kulturkommune. Me brukar nok på kultur. Eg vil heller bruke 19 millionar på helse og oppvekst.
Live Magnetun (V)
Det handlar ikkje om tru eller ikkje, men utelukkande om økonomi. Når me har redusert 30 årsverk kan me ikkje forsvare dette.
Anita Vetteren Grøthe (Sp)
Å satse på dette det ein er god på er viktig i næringsutvikling. Det gjeld å finne si nisje.
Sigrun Jorde (H)
Det er forkasteleg å byggje for 12. Då kan me like gjerne byggje for 19. Men me vil ingen av delane. Det er så mykje anna å bruke pengane på.
Ida Marie Holen (Frp)
Økonomien er utfordrande, men lånegjelda er berre på landsgjennomsnittet. Ål har eit kjempepotensial på kultur.
Ola Terje Oleivsgard (Sp)
Me har fått napp hos eksterne aktørar ved første forsøk. Det er ikkje nok, men alt er ikkje prøvd. Ei rein kulturskuleutbygging er ei dårleg løysing.
Torhild Helling Bergaplass (H)