Astrid Wøllo (t.v.) og Ingrid Støyten får tyskundervisning gjennom nettet. Jentene har gode erfaringar med ordninga. – Me lærer meir av dette enn ved vanleg undervisning, seier dei.
Astrid Wøllo (t.v.) og Ingrid Støyten får tyskundervisning gjennom nettet. Jentene har gode erfaringar med ordninga. – Me lærer meir av dette enn ved vanleg undervisning, seier dei.

Lærer tysk gjennom fjernundervisning

Kvar tysdag kan tre jenter frå Hemsedal la skulebussen fare. Dei slepp å stå tidleg opp og blir i staden heime for å få fjernundervisning i tysk via internett.

I det virtuelle klasserommet kan ein tysklærar frå St. Halvard i Drammen ønskje velkomen til to timar tysk, første time kvar tysdag.

Elevar frå Drammen, Hønefoss og Hemsedal har benka seg framfor PC-en.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Guten morgen»

Hallingdølen treffer jentene på eit grupperom på Gol vgs., men vanlegvis følgjer dei tyskundervisninga frå PC-en heime.

Klokka 8 om morgonen er det ikkje alle elevane som har tatt seg tid til å hoppe i kleda.

– Du ser ofte at folk sit i pysjen med dyna over seg eller har pakka seg inn i morgonkåpa. Det er litt av sjarmen med å lære tysk på denne måten, seier Ingrid Støyten.

Ved hjelp av ein PC med webkamera og eit headset med mikrofon, kan ho og dei andre vere til på plass i «klasserommet» frå sengekanten.

– Det var flaut å vere på kamera og mikrofon dei første gongene, men etter at me reiste til Berlin på studietur, losna det veldig, seier ho.

Få søkjarar til språkfaga

Ordninga med fjernundervisning i tysk er ny av året. Bakgrunnen er at det er vanskeleg å rekruttere nok elevar til å fylle ein vanleg klasse.

– Vidaregåande skular over heile landet opplever at elevar vel å kutte ut språkfag før dei når høgste nivå, seier avdelingsleiar på språk, Sigurd Ødegaard, ved Gol vidaregåande skule.

Ved Gol vgs. var det berre tre som valde tysk på høgaste nivå i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For å bøte på problemet med få søkjarar, tok engasjerte lærarar initiativ til eit nettbasert språkkurs som dekkjer heile fylket. I Buskerud var det til saman 11 tredjeklassingar som ville fordjupe seg i tysk dette skuleåret, seier han.

Kring 20 elevar tek i år spansk som fjernundervisning. Til neste år er det planen å tilby både tysk, spansk og fransk som nettkurs.

Set sjølvdisiplinen på prøve

Språkfaga i fjernundervisninga er femtimars fag, men elevane får berre to timar med undervisning. I tillegg har dei ein hjelpelærar dei kan søkje støtte hjå på Gol.

Mykje av tida må dei arbeide sjølvstendig med oppgåver som skal leverast inn og vurderast. For at læraren i Drammen skal kunne vurdere dei, sender dei inn både skriftlege oppgåver og lydfiler der dei pratar tysk.

Sjølv om opplegget krev stor eigeninnsats, har jentene likevel gode erfaringar med ordninga.

– Det set sjølvdisiplinen på prøve. Sjølv om me er på nett og ikkje møter læraren, kan me ikkje sluntre unna, innrømmer Astrid Wøllo.

Pratar tysk utan å tenkje seg om

Den store eigeninnsatsen gjer noko med læringsutbytet, meiner Ingrid Støyten.

– Eg lærer meir av dette enn av vanleg undervisning. Det krev meir av oss og me må bruke tida godt, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein av grunnane til at ho valde å fordjupe seg i framandspråk, er at det gjev eitt ekstra studiepoeng. Det er det elles berre matte og fysikk som gjev.

– Dessutan freista det å lære språket godt. På dette nivået lærer me ikkje så mykje nytt grammatisk, men me lærer å bruke språket betre, seier Ingrid.

– Ordforrådet har vakse og eg automatisert tyskkunnskapen. Eg opplever at eg kan prate tysk spontant, utan å planleggje kvart ord eg skal sei. Det er moro, seier Astrid.