Kvifor skjedde ulykka? No har dei funne svaret
Statens havarikommisjon har funne ei forklaring på kvifor semitrailerar sklir laus frå trekkvogna.
21. september 2012 vart tre personar råka av ein løpsk semitrailer på Rv52 i Gol. Bilen vart totalvrak. Føraren fekk livstrugande skader.
Funne lik skadetype
Årsaka til at traileren losna frå trekkvogna var lenge uklar. Men no har Statens havarikommisjon undersøkt fleire slike hendingar. I alle desse tilfella er det påvist same skadetype ved svingskiva. Dette er ein skade som oppstår over tid, og som ikkje er enkel å legge merke til før det kan vera for seint. Det går likevel an å oppdage defekten før han blir farleg. Poenget er at føraren, eller inspektøren, må vite kva ein skal sjå etter for å avdekke svikt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alvorleg ulykke
Kvart år mistar eit 20 tals vogntog semitilhengaren i fart på norske vegar. Sjølv om ingen personar er drepne ved slike hendingar, kan folk bli alvorleg skadde.
Ulykka i Gol i 2012 stadfestar dette. Det var berre flaks at ingen omkom. Føraren av bilen, Greta Kvarv, vart påført livstrugande skader, og det skulle også syne seg at ho fekk store plager over lang tid etter ulykka. I ein artikkel i Hallingdølen i 2014 stod ho og mannen hennar, Magne K. Medhus, fram og fortalde kva følgjer hendinga fekk for dei. Kvarv kunne fortelja om varige skader som følge av kollisjonen.
Sjekkar alle
Havarikommisjonen har varsla Statens vegvesen om feilen dei har oppdaga, slik at desse innretningane blir kontrollerte når bilane er inne til teknisk synfaring. Svingskivene som Havarikommisjonen har undersøkt, har hatt ein type skade som påverkar låsemekanismen. Denne typen skade gjer det også mogeleg å få ei såkalla falsk låsing av hengaren. Den kan gi føraren eit inntrykk av at hengaren er i sikker lås, utan at han er det. Over tid vil skaden føre til at låsemekanismen sviktar heilt.