Kven bør vinne Næringsprisen 2022? Her kan du stemme på din favoritt!
Juryen har nominert seks kandidatar til Næringsprisen 2022. Her kan du stemme på den du meiner bør vinne.
Næringsprisen blir delt ut under Hallingdalskonferansen fredag 26. august.
I 2021 var det Defa som vann, i 2020 Høgevarde. Kven får prisen i år?
Artikkelen held fram under annonsen.
Juryen har bestått av Knut Arne Gurigard (Regionrådet), Stian Bogar (Hallingdal næringshage), Elin Kaafjeld (NHO Viken) og Marianne Dusegard (Sparebank 1 Hallingdal Valdres). Dei har plukka ut seks kandidatar til prisen.
Her er dei seks (ved å klikke på namnet kan du lese Hallingdølens reportasjar om dei ulike kandidatane):
Skaugum Bestikkfabrikk AS, Hol
Vinn AS Hallingdal, Gol
Slaatto Sag og Høvleri AS, Ål/Gol
Skred AS, Ål
Hendug Bygg AS, Ål
Bruse AS, Gol
Artikkelen held fram under annonsen.
I vindauget under kan du stemme på din favoritt til å vinne prisen. Då avstemminga vart opna måndag, var det opphavleg mogleg å stemme éin gong per dag fram til 22. august. No har juryen gjort ei justering, som gjer at kvar enkelt berre kan stemme éin gong i løpet av heile perioden avstemminga varer.
– Me ønsker å få eit korrekt bilete av kven folk ønsker skal vinne prisen. Me meiner det biletet ikkje blir heilt korrekt om det er mogleg å mobilisere mange til å stemme éin gong per dag, seier juryleder Elin Kaafjeld.
Avstemminga vart endra tysdag 9. august klokka 12. Dei stemmene som var komne inn før dette, blir likevel med i reknestykket når juryen skal telje opp til slutt.
I vindauget under kan du altså stemme éin gong. Det må du gjere før 22. august.