Kva hugsar du frå nyheitsbiletet?
Test deg sjølv i Hallingdølens quiz.
1. Kva heiter den nye sjefen i Hallingplast?
2. ... han tek over etter faren, kor mange år sat han ved roret?
Artikkelen held fram under annonsen.
3. Kva heiter den nye restauranten Hol Ysteri har opna i lokala sine?
4. Kven er Knut-Erik Kjøge?
5. Korleis gjekk det med han som nekta å betale 64 kroner i bomveggebyr ved Tunhovdfjorden?
6. Kva er tema i advokat Elisabeth Njøsens ferske bok?
7. Folk går bananas i bærskogen og på moltemyrene. Korleis merkar matbutikkane det?
8. Kor mange flåværingar er det venta at blir fødde i år?
9. Kven sa i torsdagsavisa, og om kva?: «Me går baklengs inn i framtida».
10. Kor mange elevar blir det plass til på nye Hemsedal barne- og ungdomsskule når han står ferdig ved årsskiftet 2022/2023?
Artikkelen held fram under annonsen.
Her er svara
1. Sverre Tragethon.
2. 40 år. Steinar Tragethon begynte i 1980.
3. Stundo.
4. Ny kulturskulerektor i Hemsedal.
5. Han tapte i retten og må i staden ut med 25.000 kroner.
6. Nabokonfliktar.
7. Det er heilt tomt for frysebeger.
8. 13 nyfødde, noko som er nesten dobbelt så mange som i fjor.
9. MDG-politikar Margit Fausko frå Hemsedal om bygginga av ny E16 ved Ringeriksbanen (som skal krysse myr, våtmark og matjord).
10. 400 elevar.