Kuttar i hallingdalstiltak
Flå kommune kuttar i utgiftene til interkommunale tenester for å få budsjettet i balanse.
Rådmannens forslag til budsjett var gjort opp med eit negativt driftsresultat på 204.000 kroner.
Dette retta politikarane opp då budsjettet vart vedteke torsdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Målet var å kome i null, men me kan ikkje berre kutte lokalt. Me må også gjere det på fellestiltak, sa ordførar Tor Egil Buøen (Bygdelista).
Interkommunalt kutt
Det var det full semje om i kommunestyret. Dermed kuttar Flå kommune i desse interkommunale tenestene:
n IKT Hallingdal 126.000
n Felles barnevern Hallingdal 28.000
n Kommunerevisjonen IKS 50.000
Flå kommune har høge avgifter på vatn og kloakk.
– Det skuldast at me har få abonnentar, derfor ligg me høgt i landsmålestokk. Men det positive no er at det er vorte fleire og store abonnentar, sa Buøen.
Vil spare
Derfor kan innbyggjarane som er knytt til det offentlege nettet glede seg over lågare kostnader.
Artikkelen held fram under annonsen.
Avgifta på vatn og kloakk blir sett ned. Ein abonnent med eit forbruk på 150 kbm i året vil spare 1.700 kroner.
– Eit bra budsjett. Til å vere ein så liten kommune har me veldig gode tilbod, konkluderte Stian Bakken (Ap).
Han var glad for at avgiftene på vatn og kloakk blir sett ned og at det ikkje blir kutt i stillingar neste år.
Han fekk støtte av Jostein Mæhlum (Bygdelista).
- Ved då kutte avgiftene på vatn og kloakk blir me ein enda betre bukommune, sa han.
Investeringsbudsjettet er på 5,3 millionar. I tillegg blir 5,6 millionar, som vart avsett til fleirbrukshall i år, overført til neste år.
Færre «lønsame»
Flå var ein av taparane i Buskerud då statsbudsjettet vart lagt fram i haust.
Trass i ein kraftig vekst i folketalet fekk ikkje kommunen særleg utteljing då staten fordelte dei frie inntektene til kommunane. «Problemet» til Flå er at folkeveksten er størst i aldersgruppa 17–69 år, som er gruppa som gir minst rammeoverføring.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er kjempebra med ein vekst i denne gruppa, men det gir ikkje meir pengar frå staten, sa Buøen.
For den «lønsame» gruppa, dei over 80 og aldersgruppa 2–16 år, har gått ned.
– Spreke 90-åringar med barn i ungdomsskulen er god butikk, humra Buøen.
Men den gruppa finst ikkje, sjølv i Flå.
– Me skulle hatt tre-fire millionar meir å rutte med, sa ordførar Tor Egil Buøen.