På «Bevar helsa så lenge som mogeleg»-kurs kan du gjere ein innsats for eigen helse. (Arkivfoto)
På «Bevar helsa så lenge som mogeleg»-kurs kan du gjere ein innsats for eigen helse. (Arkivfoto)

Kurs for betre livskvalitet

Begynner du å bli godt vaksen og går med tankar om korleis du kan bu heime lengst mogeleg? No kan du gå på kurs og få tips.

Torsdag 8. oktober begynner ein ny runde med «Bevar helsa så lenge som mogeleg» i Nore og Uvdal, eit kurs for dei som er 65 år og eldre. Fagavdelinga for pleie, rehabilitering og omsorg står bak, for sjette år på rad.

– Fem torsdagar møtast me og jobbar med å førebyggje sjukdom og fall, med å lære enkel førstehjelp i heimen og brannførebygging, me lærer om kosthald og ernæring og får besøk frå Frivilligsentralen, seier fagsjef Lis Berit Nerli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei som er interesserte kan kontakte Bergtun omsorgssenter i Rødberg heilt fram til kursstart. Kvar kursdag inneheld òg enkel tilpassa fysisk aktivitet.

– Me har opplevd at dei som har gått på kurs er kjempefornøgde. Fleire seier at samlingane gir motivasjon til å gjere eigne tiltak så ein kan halde seg frisk lenger, seier Nerli.