Kritisk til Statens vegvesen-rapport
Næringslivet i Hardanger går glipp av milliardinntekter på grunn av stadig stengd Rv7 over Hardangervidda.
Trafikantane må vite at dei kjem fram over Hardangervidda om turistnæringa skal kunne utvikle seg vidare. Det meiner turistsjef i Hol, Pål K. Medhus, og fleire hotelldirektørar i både Hol og Hardanger.
I dag slit bransjen stadig tyngre. Bedrifter taper stort på at turistane ikkje kjem seg over fjellet, anten det er den eine eller andre vegen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Uforståeleg
I Hardanger mistar reiselivet marknadsdelar kvar einaste dag på grunn av turistar som ikkje kjem seg over Hardangervidda.
– I dag er verdiskapinga i Hardanger på 1,5 milliardar kroner. Med tunnel gjennom Hardangervidda ville den auka til 2,5 milliardar.
Hotelldirektør ved hotell Ullensvang på Lofthus, Edmund Harris Utne, meiner rapporten frå vegvesenet er mangelfull når det ikkje er teke med undersøkingar kring reiselivet i dei involverte områda.
– Det er heilt uforståeleg. Hardangerbrua er på plass, Statens vegvesen planlegg å byggja eit kjempestort utkikkspunkt på Vøringsfossen og som truleg vil bli like populært som Flåmsbana for turistane sommar som vinter. Men å byggje tunnel gjennom Hardangervidda slik at turistane kan kome seg dit for å sjå, vil dei ikkje. Kva er det vegstellet tenkjer på, spør Utne seg.
Kortast, billegaste og best
At det må kome ny E134 forstår han godt, men det vil ta år før den vegen er klar.
– Vegen over Haukeli vil det ta tid å byggje. Minst 10–15 år. Den skal ta seg av all trafikk frå sørlege deler av Vestlandet, så den må prioriterast. Når det gjeld E16 skal den ta trafikken frå nord–vestlandet. Statsråden har sagt at det ikkje skal gjerast noko meir enn det som tidlegare er vedteke på den vegen. Men så meiner vegstellet at Rv52 skal satsast på. Hemsedalsfjellet er ein parallell til E16. Den skal, ifylgje vegstellet sin rapport, vera ein av to hovudvegar mellom aust-vest. Og det er ein veg som går parallelt med E16 som er rusta opp for milliardar av kroner. Eg forstår ikkje kva dei tenkjer på. Midt mellom desse fjellovergangane ligg den kortaste, billegaste fjellovergangen som i tillegg vil stå ferdig raskast, Rv7 over Hardangervidda. Men den fjellovergangen vil dei ikkje altså ikkje gjera noko med, seier Utne.
Han får støtte frå fleire hald, mellom anna kollega, Karl Levin, hotelldirektør ved Quality Hotel & Resort Vøringsfoss i Eidfjord. Også han meiner det tek til å haste å få til tunnel.
– Me må ha ein veg som er open gjennom heile året. Difor må det kome tunnel gjennom Hardangervidda no. Sesongane våre må bli lengre enn dei er i dag om me skal få vekst i turistnæringa i Hardanger, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med ein føreseieleg fjellovergang kunne han drive både større og hatt fleire tilsette. I staden må han ha eit minimum av betjening på vintertid og betale dei for å vera på jobb sjølv om kurs- og konferansegjestene ringer å avbestiller på grunn av ein stengt fjellovergang. Dei stadige vegstengingane gjer også at det blir dyrare å drive hotellet.
– Me tapar store pengar kvar einaste dag fjellovergangen er stengd, seier Levin.
Midt mellom desse fjellovergangane ligg den kortaste, billegaste fjellovergangen som i tillegg vil stå ferdig raskast, Rv7 over Hardangervidda. Men den fjellovergangen vil dei ikkje altså ikkje gjera noko med.
Edmund Harris Utne, Hotelldirektør ved hotell Ullensvang på Lofthus